Hopp til innhold

Oppmodar om å la bilen stå

-Dersom vinden blir så sterk som frykta, bør ein la bilen stå i garasjen.

Stormen "Berit" i Kristiansand i november
Foto: Bjørn Kollen

Dette seier Einar Vereide ved politiet sin operasjonssentral i Florø. Til kvelden og natta er det meld vind opp i orkan styrke, noko som kan vere farleg. Uværet "Dagmar" nermar seg med stormskritt og vil slå til i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Midt-Norge natt til andre juledag.

--Folk må førebu seg på skikkeleg ekstremver. Vi ventar kraftig vind, høge bølger og høg vasstannd, seier Magnar Reistad ved Vervarslinga på Vestlandet.

Kan blåse av vegen

Politiet fryktar ulukker og ber folk la bilen stå parkert dersom det verste veret slår til.

-Blir vinden så sterk som vi fryktar er det best å la bilen stå. Køyretyet kan blåse av vegen og små lette kassebilar er mest utsett, seier Vereide.

Sikre lause gjenstandar

-Kva med busstrafiikken?

- Bussane har stort vindfang og kan vere utsette, men eg vil ikkje kome med noko generell oppmoding om å la alle bussar stå. Dette må det vere opp til busselskapa og kvar enkelt bussjåfør å avgjere, seier han.

Vereide oppmodar folk til å sikre alle lause gjenstandar.

-Lause gjenstandar kan vere farlege og vi har framleis tid på oss til å sikre desse, seier han.

Stengde vegar

Følgjande vegar i fylket er for tida stengde: Vikafjellet, Gaularfjellet, Hol-Aurland og Årdal-Tyin. Fylkesveg 331 Urnes-Skjolden var stengd, men er no open for trafikk.

.