Hopp til innhold

No skal toga på Bergensbanen gå igjen

Bergensbanen skal etter planen opna for ordinær trafikk igjen klokka 8 tysdag morgon. Grunna rasfare har det ikkje gått tog mellom Oslo og Bergen sidan søndag. Klokka 08.11 skal det gå tog frå Bergen mot Oslo. Ifølgje VY vil toget køyra med redusert hastigheit mellom Vaksdal og Stanghelle, og mellom Bolstadøyri og Dale. Dette grunna signalfeil og feil på ein sporveksel.

Bergen Stasjon, klar for avgang mot Oslo.
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK