Hopp til innhold

Yr lovar betre varsel ved hjelp av Arne

Nedbørsvarsla til Yr skal bli endå meir nøyaktige når dei no tar i bruk privateigde vêrstasjonar. Arne Hage er ein av dei som har vêrstasjon.

Arne Hage

HJELPER TIL: Arne Hage sin nedbørsmålar på verandaen skal bidra til å gi brukarane av yr.no eit meir nøyaktig varsel for kor mykje nedbør det kjem dei neste 90 minuttane.

Foto: Privat

Hage investerte i ein vêrstasjon for to år sidan. Dette har han ikkje angre på.

– Det er utruleg kjekt. Eg kjøpte den hovudsakleg for vindmåling når eg jaktar, men den har både regn og temperatur i tillegg.

Gjennom ein app på mobilen får Hage informasjon frå sin eigen stasjon i Utvik i Nordfjord, i tillegg til at han kan sjå korleis det er hos andre vêrstasjonar.

– Regnmålaren legg all debatt død. Det blir ikkje lenger synsing om kor mykje det har regna, slik som eg gjorde før.

Nedbørsmålar på vêrstasjonen til Arne Hage i Utvik.

NEDBØRSMÅLAREN: Denne vesle «koppen» skal bidra til å gjere nedbørsvarsla til Yr meir nøyaktige.

Foto: Privat

– Skal sleppe gummistøvlar

Måndag 6. september tok yr.no i bruk privateigde målarar for regn. Målet er å gi brukarane av nettsida meir nøyktig nedbørsvarsel for dei næraste 90 minuttane.

– Folk skal sleppe å gå i gummistøvlar når det er finvêr, seier Jørn Kristiansen, direktør for senter for utvikling av varslingstenesta ved Meteorologisk institutt.

– Vi har jobba lenge for få dette til å skje. I 2018 starta vi med temperaturmålingar frå Netatmo sine målestasjonar. No byrjar vi også å måle regn frå nesten 10.000 private vêrstasjonar i Norden.

Netatmo er eit franskeigd selskap som spesialiserer seg på smarte løysingar i heimen.

Sjølv er Arne Hage glad for at Yr.no tar i bruk målingar frå hans og andre sine vêrstasjonar.

– Det er bra. Det blir garantert betre målingar av det. Det er fleire i nærområdet mitt som brukar dei same stasjonane, og då kan eg lett sjå kva vêret er hos dei.

Jørn Kristiansen, direktør for senter for utvikling av varslingstjenseten ved meterologisk institutt.

OPTIMISTISK: Jørn Kristiansen er optimistisk når han no tek i bruk privateigde vêrstasjonar. Han meiner det vil gjere vêrmeldinga meir nøyaktig.

Foto: Kamilla Pedersen/MET

Lett tilgjengeleg

– Det er lett å hente ut informasjon frå slike stasjonar, og det skal mykje til for å installere dei feil, legg han til.

Vêrstasjonane er lett tilgjengelege og kan kjøpast på nett eller i elektronikkbutikkar. Kristiansen håpar at fleire tek dei i bruk.

– Per dags dato er dei fleste målarane i storbyane og tettstadar, men eg håper at det kjem fleire over heile landet. Fleire stasjonar vil bety meir nøyaktige målingar.

Yr.no jobbar for å skape eit samarbeid med andre produsentar av vêrstasjonar, men per i dag er det ikkje mange andre vêrstasjonar som er i stand til å dele informasjon på same måte som Netatmo gjer.

Målar ikkje snø

– Regnmålaren fungerer som ei vippehuske, når vatn kjem ned tippar den huska og vi får eit signal. Dess meir det regnar, jo fortare får vi signal, forklarar Kristiansen.

Regnmålarane kan berre måle regn, men Meteorologisk institutt jobbar for å finne ut ein måte å måle snø på også.

– Når det kjem til snø, er det for mange variablar, seier han.