Hopp til innhold

No satsar Førde mot Europacupen

Dei har trent meir enn nokon gong før årets sesong. Allereie i morgon vert Førde sitt herrelag i volleyball sett på prøve.

Trenar Frank Kalstad i timeout

IVRIG: Frank Kalstad trenar laget sitt knallhardt. No håpar han at laget skal prestere minst like godt som i fjor.

Foto: Rune Fossum/NRK

Førde møter Kristiansund på heimebane når dei laurdag startar årets sesong. Etter å ha vunne både cupfinalen og blitt nordiske meistrar i fjor, er det store forventningar til kva dei kan klare i år.

Trenar Frank Kalstad trenar laget tøffare enn nokon sinne, målet er å bli endå betre enn sist sesong.

– Når vi spelte med toppa lag i fjor vann vi både cupen og Nordic League, så då låg vi heilt i toppen. Det er der vi skal ligge, også i år, seier Kalstad til NRK.no.

Trenar 20 timar i veka

Dagen før dagen er det mange ballar i lufta når volleyballherrane til Førde finpussar forma før sesongopninga på heimebane. Skal dei klare å nå målsetjinga om å bli betre enn i fjor må dei trene meir.

– Vi har mellom anna lagt inn to morgonøkter med trening med ball, så dei fleste nærmar seg nok 20 treningstimar i veka, fortel Kalstad.

Med fjorårssuksessen friskt i minne satsar han og laget no enda høgare.

– Vi stekkjer oss etter å få delta i Europacupen og liknande, det er berre det som betyr noko for oss, seier Kalstad.

Trur dei kan bli endå betre

Geir Eithun er ein av veteranane på laget, med seks år i klubben og over 50 landskampar. Han ser ingen grunn til at årets sesong ikkje skal kunne bli betre enn den førre.

– Treningsmengda ar auka og vi er betre førebudde enn nokon gong. Vi har ein betre stall og heile klubben er betre organisert, seier Eithun.

Om alt treningsarbeidet gir resultat kan bli synleg allereie laurdag. Kalstad forventar berre ein ting når det blåkledde meisterlaget tek i mot Kristiansund i Førdehuset.

– Eg ventar ein god prestasjon og siger, seier Kalstad.

Første damelag i eliteserien på 30 år

I tillegg til at Førde sitt herrelag skal i aksjon er det også duka for eit damelag frå Førde på parketten. For første gong på 30 år stiller Førde med eit damelag i eliteserien.

Det har lenge vore usikkert kor mange spelarar dei skulle klare få med i stallen, men når laget møter UiS laurdag trur trenaren at dei skal ha ein sjanse.

– Vi er eit ungt lag, men med stort potensial, og det er mange klubbar som er spente på oss, seier Mathias Haug til avisa Firda.