Hopp til innhold

Førde VBK sjanselause på seriegull

Med tap mot Koll laurdag, må Førde volleyball berre innsjå at seriegullet er tapt til bergenslaget Nyborg.

Frank Roger Kalstad

TAPTE: Frank Roger Kalstad og Førde tapte då dei spelte mot Koll laurdag ettermiddag. (Arkivbilete)

Foto: Oddleif Løset / NRK

Laurdag tapte Førde sitt elitelag 3-0 mot Koll på bortebane. Med poengtap her klarar ikkje Førde ta igjen Nyborg som no kjem til å stikke av med seriegullet.

- Nyborg har vore suverene gjennom heile sesongen i serien, så det er berre sånn det er, seier Nils Edvin Numme til NRK etter kampen.

Hamna bakpå

Numme som vert rekna som ein av toppspelarane på Førde sitt elitelag fortel om ein kamp der dei hamna bakpå frå første minutt.

- Vi mangla mange av dei viktige spelarane, og klarte aldri mobilisere og kome oss inn att i kampen, seier Numme.

Førde måtte av ulike grunnar klare seg utan både Kristoffer V. Sundal, Lars Fredrik Tvinde, Mantas Belaglovis og Jonas Kvalen, ifølgje Numme.

Fire kampar att

Desse spelarane er heller ikkje med når Førde møter Nyborg søndag.

- Det blir ein tøff kamp, og eg trur ikkje vi klarar å hente poeng her. Vi kan slå dei med eit toppa lag, men det har vi ikkje i morgon, seier Numme.

I tillegg til kampen mot Nyborg i morgon, er det tre kampar att av sesongen. Numme seier laget må prestere skal dei klare sølv.

- Dei tre siste kampane bør vi vinne. Men vi må jobbe skal vi klare det, seier Numme.