Hopp til innhold

Tittelforsvarar Førde får det tøft

Førde VBK møter knallhard motstand når dei skal forsvare den nordiske klubbmeisterskapen frå i fjor.

Frank Kalstad

LYSTEN PÅ SUKSESS:–Vi tek dei titlane vi kan få, seier Førde-trenar Frank Roger Kalstad om årets volleyballsesong.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

I pulja til sunnfjordingane møtest nemleg tre av dei fire finalistane frå førre sesong.

– Det er eigentleg litt rart at tre av fire finalistar skal vere i same pulja, men eg reknar med at seedingen er gjort ut frå prestasjonane i dei nasjonale seriane, seier trenar Frank Roger Kalstad.

Ventar «bikkjeslagsmål»

Førde møter den svenske seriefemmaren Linköping og dei danske seriemeistrane Marienlyst når dei første helga i november skal kjempe om finaleplass i årets Nordiske klubbmeisterskap.

Turneringsleiar Tomas Lidstedt i det svenske volleyballforbundet, stadfestar det er prestasjonane i den norske serien som er avgjerande.

I tillegg til å vinne den nordiske klubbmeisterskapen førre sesong, vann Førde den norske cupen og vart nummer tre i serien .

– Det blir eit bikkjeslagsmål. Vi reknar Marienlyst som den tøffaste motstandaren. Dei var det i fjor også. Kjem vi forbi denne pulja, så har vi gode moglegheiter. Og det er ikkje umogleg. Det var veldig jamt i fjor og vi vann tette kampar mot både Linköping og Marienlyst, seier Førde-trenar Kalstad og legg til:

– Ikkje råd til feilskjer

– Det er berre ein ting vi kan gjere med dette. Det er å reise, spele og slå dei. Det er lag vi må slå for å gå heilt til topps, legg Kalstad til.

Førde tok seg vidare som beste toar i fjor. Då var det tre puljer i den innleiande runda. I år er det fire puljer og berre vinnaren tek seg vidare til finalerunden 27.–29. januar.

– Det er litt trongare å komme gjennom, så det er ikkje råd til noko feilskjer i det heile, seier Kalstad.

Like gode som i fjor

Med dobbeltsuksess i cupen førre sesong, er sunnfjordklubben lysten på meir suksess. Laget har mista Nils Edvin Numme (lagt opp), Tor Kristian Kvammen (trappa ned), Jon Arnesen (NTNUI), Kristoffer Sundal (Nyborg) og Torgeir Tundal (lagt opp).

Samstundes er Mathias Loftesnes attende i klubben, medan også Svein Erik Kvamsdal, Henrik Huus og nokre yngre spelarar er nye i stallen. Også Geir Eithun blir med kommande sesong.

– Vi har ikkje stor breidde, men vi har god kvalitet. Dessutan trenar vi også ein del meir enn i fjor. Vi ser på oss sjølve som å vere like sterke som i fjor, seier han.

Mange kampar

Førde, som tidlegare sesongar har hatt lite kampmotstand før seriestart, ladar opp til helgas serieopning heime mot Kristiansund med treningsleir i Polen. Her spelar dei seks treningskampar mot polske lag.

For to veker sidan innleia eliteserielaget Vestcup med å slå regjerande seriemeister Nyborg 3-0. I finalen tapte dei med same siffer for same klubb. På vegen vann Førde fire kampar.

– Det var jamne siffer i finaletapet mot Nyborg og eg ser ikkje avstanden som så veldig stor. Vi viste også i finalen at vi kan tukte Nyborg når vi er fulltalige, avsluttar Kalstad.