Hopp til innhold

No opnar laksefisket: – Ser lyst på sesongen

Sportsfiskarar står i kveld klare med stonga i handa over heile landet. Ved midnatt starter laksefisket.

Laksefiske i Repparfjordelva

FISKESTART: Jakta på storfangsten lokkar, men ei lang rekkje vassdrag held stengt for fiske i år.

Foto: Allan Klo / NRK

– Eg ser veldig lyst på sesongen, seier Eiliv Erdal.

Han er leiar i elveeigarlaget i lakseelva Nausta i Sunnfjord.

1. juni er ein høgtidsdag for mange laksefiskarar. Då opnar fisket i mange elvar, og fiskarane er gjerne klare alt frå midnatt.

Men at fisket er bra, er ikkje gitt.

For to år sidan var vasstanden i Nausta og andre elvar på Vestlandet så låg at det gjekk kraftig utover fisket.

I fjor var forholda betre.

Erdal håpar å sjå liknande tendensar denne sommaren, og at lakseårgangen frå i fjor kjem att enda større.

Eiliv Erdal

Eiliv Erdal håpar på ein god sesong i Nausta i Sunnfjord.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Spenning knytt til sesongopninga

– Det er alltid mykje spenning knytt til opninga. Om laksen har kome, kor stor den er og korleis vassføringa blir, seier Pål Mugaas, kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver.

Han fortel at dei fleste store lakseelvene er opne (sjå under).

Mugaas oppmodar om å følge med på nettsidene til lokale elver og «ryktebørsen på Facebook», så veit ein fort kvar det er fisk å få.

– Oppmodinga er at ein verkeleg nyttar moglegheita til å fiske i elvene som er opne. Det finst ikkje noko betre å gjere om sommaren enn å fiske laks.

Laksefiske Laksefiske i Gaula i Sør-Trøndelag

1. juni er ein høgtidsdag for mange laksefiskarar. Då opnar fisket i mange elvar, og fiskarane er gjerne klare alt frå midnatt.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

180 elvar stengde

I alt er 180 lakseelvar i Noreg stengde grunna ein ukjent eller dårleg bestandssituasjon.

Nokre store elver som held stengt er:

  • Lærdalselvi, Vestland
  • Reisaelva, Troms/Finnmark
  • Saltdalselva, Nordland
  • Tana, Finnmark

I Sogn og Fjordane er fleire elvar stengde. Hovudgrunnen er utfordringar knytt til oppdrett og lakselus, seier Mugaas.

– Så lenge situasjonen er slik den er i ytre delar av Sognefjorden, med mykje oppdrett i opne merdar, vil du heile tida produsere mykje lakselus som drep villaksungane.

Forventar meir pukkellaks

Pukkellaksen er ein annan kjent trugsel for villaksen.

I Tanaelva i Finnmark er det bygd ei felle for pukkellaksen, men ein veit ikkje kor mykje fella vil greie å ta unna.

For to år sidan kom det opptil 7000 pukkellaks i døgnet opp i Tanaelva. I år kan det kanskje bli fem eller ti gonger så mykje.

– Om vi gonger det med fem, blir det 35.000 laks i døgnet. Det tar berre to døgn, så har vi like mykje som heile sesongen for to år sidan, seier Rune Aslaksen i Tanavassdragets Fiskeforvaltning til NRK.

Pål Mugaas, Norske Lakseelver

Pål Mugaas er kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver.

Foto: Norske Lakseelver

Fryktar innsig

Arten kjem i oddetalsåra. Det var ein stor auke av pukkellaksen i 2021, derfor fryktar Norske Lakseelver det same i år.

– Det er først og fremst i nord vi fryktar eit massivt innsig av pukkellaks, seier Mugaas, men legg til at arten bevegar seg nedover kysten.

Også i Eidselva i Nordfjord fryktar dei pukkellaksen. Her har arten vore funnen før, første gong i 2019.

– Vi får nok eit større innsig i år enn vi har hatt tidlegare, seier Pål Nyttingnes i elveeigarlaget i Eidselva.

Mugaas oppmodar dei som dorgar etter makrell og anna fisk på sjøen, om å dorge etter pukkellaks også.

– Det er god matfisk i sjøen. Men vi ønskjer ikkje å ha den i elvene våre, der den kan forstyrre for den ville atlantiske laksen.

Les også Frykter at fella kollapser når pukkellaksen strømmer opp i Tanaelva

Rune Aslaksen (innfelt) og pukkellaks