Hopp til innhold

No må du betale bompengar for turen opp til Trolltunga

Har du tenkt deg opp til populære Trolltunga i sommar? Då må du punge ut med 200 kroner.

Skjeggedal

SMAL VEG: Siste parti med veg før parkeringsplassen i Skjeggedal.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Trolltunga AS har fått lov til å innføre bomavgift på veg opp til Skjeggedal. Men innbyggarane i Ullensvang kommune får fritak frå avgifta.

Trolltunga er ein av dei mest vitja turistmåla i Noreg, der om lag 130 000 personar tok seg opp i 2020.

Sidan turen for alvor vart populær, har dei innført fjellvakter og sikringsbuer for at den 14 kilometer lange turen skal gå trygt føre seg.

Men pengane må kome frå ein stad.

No har Trolltunga AS sett opp ei bomavgift på 200 kroner, skriv Hardanger Folkeblad.

Men det er berre turistane må betale.

Parkering Skjeggedal

PARKERING: Det kommunale selskapet Trolltunga AS kontrollerer parkeringsnivå 2, der du betalar 200 i bomavgift og 300 i parkering.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Hovudsakleg utanlandske turistar

Dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen, seier at om lag 90 prosent av turistane som vitjar Trolltunga, er utlendingar.

– Mange av dei går på fjelltur for fyrste gong. Difor er det viktig at me har pengar til å ha ein trygg og god sti, og at me har fjellvakter heile sommarsesongen, seier Evjen.

Dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen

DAGLEG LEIAR: Åse Marie Evjen meiner prisdifferensieringa er naudsynt.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Problemet med dårlege stiar og potensielle bompengar har òg vore diskutert på turistmagneten Preikestolen i Rogaland.

– Urimeleg viss lokalbefolkninga blei utestengt

Tidlegare har pengane kome frå parkeringsavgift. Men ifølgje Miljødirektoratet kan pengane derfrå berre brukast til sjølve parkeringsanlegget, seier Evjen.

På den mest populære parkeringsplassen på veg til Trolltunga har det kosta 500 kroner for å parkere. Når det no blir sett opp ein bom, blir også parkeringsavgifta sett ned med 200.

Dermed blir ikkje byrda for turgåarane noko høgare.

Roald Aga Haug (Ap) er ordførar i Ullensvang, og styreleiar i Trolltunga AS.

Han meiner at det er eit naudsynt tiltak med tanke på trafikkauken på dei smale vegane i Skjeggedal.

– Vegen vert svært belasta. Det ville vore urimeleg viss lokalbefolkninga blei utestengt frå dei turmåla dei alltid har brukt, seier Aga Haug.

Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Hayg (Ap)

HADDE VORE URIMELEG: Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug (Ap), meiner det er på sin plass at dei lokale får fritak frå bomavgifta.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Aga Haug er ikkje redd for negative reaksjonar på prisdifferensieringa.

– I dag har me ein pris, og eg trur at dei fleste innser at viss ein har gått i det området kvar veke, som ein del gjer, så er det ikkje rimeleg at du må betala for dei fellesgoda som turistane treng inn mot trolltunga, seier Aga Haug.

Tillèt rimeleg avgift

I utgangspunktet skal det vera gratis å ferdast i naturen i Noreg. Men det finst likevel mange lovlege betalingsordningar.

– Gratisprinsippet i friluftsloven inneber at det ikkje kan takast betalt for ferdsel på stiar og turvegar i utmark, seier Flydal.

Han legg til at ei parkeringsavgift etter friluftsloven skal vera rimeleg, altså at inntektene står i forhold til utgiftene på staden.