Hopp til innhold

Nordmenn går tur som aldri før – men DNT mista fleire tusen medlemmar

2020 var året då «alle» gjekk tur i Noreg. Men stengde hytter gjorde at stadig færre melde seg inn i Den Norske Turistforening.

Trolltunga

POPULÆRT REISEMÅL: Nær 130.000 nordmenn vitja Trolltunga i sommar.

Foto: Henrik Evertsson / NRK

– Mange melder seg inn fordi dei skal overnatte på hyttene eller vere med på ein tur. I fjor var det mindre av dette, seier Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag.

I fjor mista fylkeslaget 282 betalande medlemmar. Ei avspegling av den nasjonale trenden. Totalt sett mista Den Norske Turistforening (DNT) 1,5 prosent av alle medlemma i 2020, som tilsvarar om lag 5000 medlemmar. I hovudsak fordi utanlandske medlemmar ikkje kom seg til Noreg, fortel DNT.

I mars meldte foreininga at dei «fryktar konkurs».

– Det kan vere ein «naturleg» svinging, men også et resultat av at folk ser at dei ikkje kan nytte hyttene. Då fell ein viktig medlemsgrunn bort, seier Andre Horgen, som undervisar i friluftsliv ved Universitetet i Telemark (USN).

Han legg til:

– Så spørst det om tala tek seg opp att når pandemien er over.

Astrid Kalstveit i Sogn og Fjordane turlag

FÆRRE MEDLEMMAR: – Mange melder seg inn fordi dei skal overnatte på hyttene eller vere med på ein tur, seier Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Opplever at det stagnerer

– Generelt ser me at nokre organisasjonar opplever medlemsvekst, medan andre opplever at det stagnerer. Men bruken av friluftsliv har auka mykje, seier Bente Lier.

Ho er generalsekretær i Norsk friluftsliv, ein paraplyorganisasjon for 18 friluftsorganisasjonar med til saman 950.000 medlemmar.

2020 har vore full av paradoks. Samstundes som at Den Norske Turistforening mista medlemmar hadde turportalen deira UT.no ein trafikkvekst på 71 prosent.

2020 var også året då «alle» skulle sove ute i hengekøye, og enkelte turmål hadde meir enn 350 prosent auke i besøk.

Og i haust sa 80 prosent av DNT sine medlemmer at dei planla å reise til fjells.

– Dette bekreftar at friluftslivet held stand som ein viktig arena for avkopling og avveksling i ein tid der det meste skjer heime, uttala Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i DNT.

Dette er stedene med flest søk i året som har gått:

– Naturen ein stad du kan føla deg heime i

Björn Tordsson har skrive doktorgrad om norsk friluftsliv.

Han seier turistforeininga har vore ein viktig del av norsk identitetsdanning heilt sidan oppstarten på 1860-talet. Dronning Sonja vart æresmedlem i foreininga i 2017.

– USA, England eller kontinental-Europa er naturen noko som skal overvinnast. I Noreg er naturen heller ein stad du kan føla deg heime i og slappa av i. Han er på vår side, og er ikkje noko ein skal utfordra og overvinna på same måte.

Dronning Sonja opna turisthytta på Tungestølen

POMP OG PRAKT: Dronning Sonja opna den nye turisthytta på Tungestølen i Luster i 2019.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Alf Erik Røyrvik er fylkesleiar i Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) – avdeling Sogn og Fjordane.

Også der har talet på medlemmar gått ned det siste året.

– Det er klart at koronaen gjorde det vanskeleg også for oss. Vi satsar på aktivitetar og arrangement, og når ting blei stengt så vart det ein nedgang i aktiviteten, seier Røyrvik.

Han presiserer at han først og fremst er «letta over at det ikkje vart verre», og gleder seg over at det har blitt 10 prosent fleire kvinner i foreininga.

– Jakt og fiske har tradisjonelt vore veldig mannsdominert, men vi ser på medlemstala at fleire kvinner driv med både jakt og fiske. Det er veldig kjekt.

Bjørn Tordsson

NORSK IDENTITET: – Turistforeininga har vore ein viktig del av norsk identitetsdanning heilt sidan oppstarten på 1860-talet, seier Björn Tordsson.

Foto: Høgskulen i Telemark