Hopp til innhold

Mastemotstandarar jublar for «monsterbrua» i Hardanger

Folk i Hardanger protesterer mot «monstermaster», men jublar over gigantbrua som reiser seg tvers over fjorden.

Video Opning av catwalk på Hardangerbrua

SJÅ VIDEO: Ordførarar i Hardanger jublar for den nye brua under opninga av catwalken i september.

Norges lengste og verdas sjuande lengste hengebru ruvar i fjordlandskapet i Hardanger.

Med 200 meter høge brutårn på kvar side av fjorden blir «monstermastene» knøttsmå i forhold til brua.

Høydeforskjeller

STOR SKILNAD: Gjennomsnittshøgda for mastene i Hardanger er 30 meter, medan brutårna er 200 meter høge.

  • Les meir om den spektakulære brua her!
  • Sjå fleire bilete av brua i galleriet til høgre

Kjempa for bru og mot master

Per Nordø

– Dobbeltmoral, seier Per Nordø om kampen mot naturinngrep i Hardanger.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fleire år før kampen mot kraftlinja Sima-Samnanger kom skikkeleg i gang, hadde lokalpolitikarane i Hardangar vore med og kjempa fram stortingsvedtaket frå 2006 om å bygga Hardangerbrua.

Ein av dei skarpaste kritikarane av Hardangerbrua var Per Nordø, som tidlegare arbeidde for Norges Miljøvernforbund. Då mastesaka kom opp, sa Nordø at folk i Hardanger ikkje kunne argumentera med at naturen måtte vernast mot så store inngrep.

– I stor grad er det dei same kreftene som i si tid la breisida til for å få bygt Hardangerbrua, som no kjempar for å stoppe bygginga av monsterlinja frå Sima til Samnanger. Dei hadde hatt større legitimitet om dei også hadde kjempa mot det enorme inngrepet brua er i fjordlandskapet, sa Per Nordø til Bergens Tidende i desember 2009.

Nordø seier til NRK at han framleis meiner dette var dobbeltmoral frå hardangerpolitikarane.

– Det var akkurat dette eg advarte mot, seier Nordø.

Les og: Fjord Norge verdens beste reisemål

Video Bli med til toppen av Hardangerbrua.

SJÅ VIDEO: Bli med til toppen av dei 200 meter høge brutårna på Hardangerbrua.

– Irrelevant samanlikning

Mona Hellesnes

Tidlegare ordførar Mona Hellesnes meiner det blir heilt feil å setja brua opp mot mastene.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Mona Hellesnes frå Venstre har vore ein av dei mest profilerte motstandarene mot kraftlinja gjennom Hardanger. Ho har vore ordførar i Ulvik, ein av dei berørte kommunane, men etter valet i haust måtte ho gje frå seg ordførarkjedet.

Hellesnes seier ho kan forstå at folk utanfrå stiller spørsmål når dei ser den store brua som er under bygging tvers over fjordlandskapet.

Men ho meiner det blir heilt feil å samanlikna dei to inngrepa.

– Samanlikninga er irrelevant, seier ho.

– Vi må huska på at motstanden mot kraftlinja handla om to ting. Det eine om naturinngrepet, og det andre om prosessen i forhold til lokalbefolkninga. Kraftlinja er i tillegg over 92 kilometer lang, så dette er heilt andre dimensjonar, seier Hellesnes.

Kraftlinja som no er under bygging vil ifølgje Statnett ikkje kryssa sjølve Hardangerfjorden.

Les og: Følg traseen til kraftlinja i Hardanger - fra begynnelse til slutt

Linja vil kryssa tre sidefjordar der det allereie finst kraftlinjer. Elles er linja Sima-Samnanger trekt inn i landet, og vil bli lite synleg frå Hardangerfjorden, opplyser Statnett.

Les og: Kritiserer mastebygging

Kart Hardanger

MASTER OG BRU: Slik blir Hardanger med master og bru over fjorden.

– Areal viktigare enn høgde

Fleire av aksjonistane brukte uttrykket «monstermaster» i kampen mot høgspentlinja. Etterkvart blei dette mindre brukt fordi det viste seg at mastene ikkje er høgare enn ved tilsvarande kraftlinjer andre stader i landet.

Hellesnes legg meir vekt på at kraftlinja legg beslag på store areal enn at mastene er spesielt høge.

– Det er ikkje berre sjølve mastene som krev areal, men arealet under og mellom mastene blir og bandlagt, seier Hellesnes.

Mastemotstandaren seier og at det er ein annan skilnad mellom dei to prosjekta. Mens kraftlinja fraktar straum gjennom Hardanger, utan direkte nytte for dei som bur der, kjem brua til å få store ringvirkningar.

– Det er heilt opplagt at Hardangerbrua har stor betydning for den regionale utviklinga i Hardanger. Dessutan kjem brua som eit resultat av eit lokalt initiativ, seier Hellesnes.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Fint med ei stor bru

Dennis Garen

Dennis Garen (20) synest det er fint med ei stor bru over fjorden.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Dennis Garen (20) frå Eidfjord har sjølv vore med på å byggja brua over fjorden. Han synest prosjektet er veldig positivt for Hardanger.

– Det er veldig bra at brua kjem. Det er positivt at vi slepp å ta ferje, seier Garen.

– Kva tenkjer du om dei som meiner det er eit inngrep i naturen?

– Nei, det er berre fint med ei stor bru, seier han.

Ferdig i 2013

Både mastene og Hardangerbrua skal etter planen stå ferdig i 2013.

Frå brua vil vegen gå rett inn i tunnelar på begge sider, med rundkjøringar inne i fjellet.

Her kan du sjå korleis det blir å kjøra over brua:

SJÅ ANIMASJON: Slik blir det å kjøra over brua når ho er ferdig i 2013.