Hopp til innhold

No kan du sleppe høna di fri

Høner og andre tamfuglar kan igjen flakse fritt. Denne veka vart husarresten for fjørfe oppheva.

Høner

FÅR GÅ FRITT: Mattilsynet har no oppheva portforbodet for fjørkre.

Foto: BALFIN Jean Pierre / PHOTOPQR/LE PROGRES

– Det er ikkje noko hønseliv å sitje inne heile tida. Dei er som oss. Dei blir litt nebbete av å sitje i karantene, seier Nina Sofie Gjelsvik, som er bonde i Bygstad i Sunnfjord.

Men 1. juni fekk hønene hennar endeleg sleppe ut att i det fri, etter at husarresten for fjørfe vart oppheva.

Portforbodet vart innført etter at det i november vart oppdaga fugleinfluensa i Noreg, Sverige, Danmark og fleire land i Europa.

No reknar Mattilsynet det som trygt å la tamfuglar vere ute igjen utan tak over hovudet.

Det har ikkje vore påvist villfuglar som er døde av fugleinfluensa i Noreg sidan midten av april. Det viser den siste situasjonsrapporten frå Veterinærinstituttet.

Her fyk høne etter høne ut i det fri etter seks månadar med portforbod.

FULL FART: Slik så det ut då Nina Sofie Gjelsvik slapp ut hønene etter eit halvt års fangenskap.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– Det har vore et inngripande tiltak som vart innført på tampen av fjoråret, men det skal ikkje vare lenger enn nødvendig, seier seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet, Anne Marie Jahr.

Hønene til Gjelsvik har levd godt i hønsehuset sidan før jul, men bonden synest det er fint at dei no får sleppe ut.

– Det er slik livet deira skal vere. Dei må løfte vengene dei òg.

Ønskjer at folk melder frå

Jahr opplever at hønseeigarar har vore lojale mot reglane.

– Folk har hatt respekt for portforbodet vi har innført. Trass i at fleire bur slik at andre ikkje kan sjå kva dei gjer i det daglege, har eg inntrykk av at folk har vore flinke å følge forbodet, seier ho.

Ho legg til at det er viktig at folk fortset å melde ifrå om døde fuglar sjølv om karantenetida er over. Fugleinfluensaen kjem nemleg tilbake med jamne mellomrom.

– Vi er veldig glade for alle tips og meldingar vi har fått inn, og det håpar vi folk fortset med, seier ho.

Frittgående høne i grønn eng, Storlidalen i Oppdal
Foto: John Torve

Stortingsrepresentant Per Espen Stoknes (MDG) meiner opphevinga av portforbodet er på høg tid.

– Når vil Noreg oppheve portforbodet for fjørfe, slik England har gjort, eller lempe på reglene slik det blant anna er gjort i Sverige og Danmark?, spurte han Landbruks- og matminister Olaug Bollestad om i mai.

Bollestad svarte at utbrot i hobbyfjørfehold eller økologiske dyrehald «fører til ein sterk auke av smittetrykket i området rundt dyrehaldet» og at tiltak «vil ramme alle fjørfehald i området rundt utbrotet».

Ho la til:

– Utgiftene vil vere store for samfunnet, og eit utbrot kan påføre fjørfenæringa store økonomiske tap. I Sverige og Danmark har det vore mange utbrot i kommersielle fjørfehald som har ført til behov for avliving av ei stor mengde dyr.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad deltok i sauesankingen i Sirdal i helga

FOR SIKKERHEITS SKULD: I Sverige og Danmark har det vore mange utbrot i kommersielle fjørfehald som har gjort at dei må avlive ei stor mengde dyr, seier Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Foto: Kaja Schill Godager / Landbruks- og matdepartementet

Ikkje noko liv å sitje inne

Tilbake i Bygstad trippar dei tjue hønene til Gjelsvik fritt rundt. Men dei var litt skeptiske i byrjinga, fortel Gjelsvik.

– Dei var litt usikre på «om er dette lov?». Men no har dei funne meir roa.

Nina Sofie Gjelsvik

FINT MED OPPHEVING: Etter å ha hatt hønene i hønsehuset sidan før jul, synest bonde Nina Sofie Gjelsvik det er fint at dei no kan gå ute.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK