Hopp til innhold

No har vi passert 109.000 i fylket

Innbyggjartalet i Sogn og Fjordane har for aller første gong passert 109.000. Tilflyttarar frå utlandet står for ein stor del av veksten.

Opning av Dalsfjordsambandet

STINN BRAKKE: Slik sgå det ut i Nishammartunnelen under opninga av Dalsfjordsambandet i desember i fjor. Ferske tal frå SSB viser at vi blir stadig fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Dei nye tala frå Statistisk sentralbyrå viser at det sidan årsskiftet har blitt 77 fleire personar i fylket, noko som gjer at det ved utgangen av første kvartal var 109.042 innbyggjarar i Sogn og Fjordane.

– Dette seier eg «jippi» til. No er det 110.000 innbyggjarar som er neste, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet glad.

For heile landet sin del vart det 15.327 fleire innbyggjarar i løpet av dei tre første månadane, og per 1. april budde det 5.124.400 personar i Norge.

Mange tilflyttarar frå utlandet

I løpet av dei tre første månadane i 2014 vart det registrert 753 tilflyttarar i Sogn og Fjordane, medan 678 flytta vekk frå fjordfylket i vest.

Det SSB kallar fødselsoverskot, altså kor mange fleire som vart fødde enn som døydde, er på berre to innbyggjarar. Det er dermed tilflyttinga som i størst grad har gitt fleire «Sogn og Fjordingar».

Av dei 753 personane som flytta til Sogn og Fjordane, kom over halvparten, 392 av dei frå utlandet ifølgje tala frå SSB.

– Eg skulle ønskje vi hadde eit større fødselsoverskot. Men samtidig ser vi at dette også gjeld fleire andre fylke og kommunar, at det er denne tilflyttinga som gjer utslaget, seier Kjelsnes.

12 går opp og 12 går ned

Vik og Årdal hadde stillstand i innbyggjartalet i løpet av første kvartal i 2014. Av dei 24 resterande kommunane opplevde halvparten vekst, og dei resterande nedgang i innbyggjartalet.

Desse kommunane opplevde vekst i innbyggjartalet:

  • Førde 44
  • Flora 32
  • Sogndal 26
  • Gloppen 17
  • Stryn 17
  • Vågsøy 16
  • Naustdal 15
  • Jølster 10
  • Lærdal 6
  • Gaular 4
  • Eid 2
  • Balestrand 1

Desse kommunane hadde negativ utvikling i innbyggjartalet:

  • Askvoll -22
  • Bremanger -18
  • Luster -13
  • Solund -11
  • Gulen -10
  • Høyanger -10
  • Hornindal -9
  • Fjaler -7
  • Leikanger -6
  • Selje -5
  • Aurland -1
  • Hyllestad -1

Sogn og Fjordane er saman med fylke som Nord-Trøndelag og Hedmark dei fylka som relativt sett har svakast vekst i innbyggjartalet, medan den største prosentvise veksten finn stad i Oslo.