Hopp til innhold

Dei neste åra blir det 8400 fleire eldre - dei må ta meir ansvar for eiga helse

Eldre kan ikkje forvente plass på sjukeheim i framtida. Dei må i større grad ta ansvar for eiga helse, seier kommunane.

Alderdom

LANGT FLEIRE ELDRE: Størstedelen av folketalsauken i Sogn og Fjordane dei neste åra vil kome i aldersgruppene over 60 år.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Nye tal viser at det vil bli svært mange eldre i Sogn og Fjordane dei komande åra. Og med fleire eldre vil det bli auka press på velferdstilboda til kommunane.

Men eldre kan i framtida ikkje forvente at kommunane kan stille med alt av hjelpetilbod. Det er svaret frå fleire kommunar når dei blir spurte om korleis dei er budde på å møte den store eldrebølgja.

I Florø seier kommunalsjef Norunn Stavø at alle skal få hjelp, men understrekar at eldre også sjølve må ta ansvar for eiga helse.

– Vi må leggje til rette for at flest mogleg kan klare seg sjølve og meistre eigne liv lengst mogleg. Det blir heilt nødvendig å leggje til rette for slik eigenmeistring om vi skal klare å hjelpe når det blir så mange eldre, seier Stavø til NRK.no.

Flest i aldersgruppa over 60 år

I går presenterte Sogn og Fjordane fylkeskommune ein folketalsprognose for dei neste åra. Dei neste 15 åra blir det 8400 fleire innbyggjarar i fylket, innbyggjartalet er venta å nå 117.400 når vi skriv 2030.

Folketalsauken vil først og fremst kome blant dei eldre, og for første gong vil fylket ha fleire pensjonistar enn folk i arbeid.

– Heile folketalsveksten kjem i den eldste aldersgruppa, altså dei over 60 år. I den yngre delen av befolkninga er det nesten ingen utvikling, seier fylkesdirektør for plan og samfunn, Svein Arne Skuggen Hoff til NRK.no.

Mange fleire over 80

I gruppa 75 år og eldre blir det 5000 fleire i Sogn og Fjordane. Stryn er ein av dei kommunane som verkeleg får merke det, seier helse- og sosialsjef, Berit Wetlesen.

– I 2030 vil vi vere 160 fleire over 80 år enn i dag. Det er ein auke på nesten 42 prosent, seier Wetlesen og held fram:

– Ser vi ytterlegare ti år fram i tid vil auken blant dei over 80 vere på over 80 prosent.

(Artikkelen held fram under)

Eldreomsorg illustrasjon

HAR PLASS: Kommunane seier dei skal ha nok institusjonsplassar, men vil helst at aller flest klarar seg sjølve lengst mogleg.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

– Store utfordringar

NRK har vore i kontakt med mange av ei største kommunane i fylket, og dei fleste meiner å vere godt budde på eldrebølgja med tanke på institusjonsplassar.

Utfordringa blir å tilpasse andre tiltak og få folk til å ta meir ansvar sjølv.

Sjukeheimsplassar vil berre vere for dei mest trengande, seier Wetlesen.

– Vi må i større grad ta i bruk velferdsteknologi og samarbeide med både pårørande og frivillige for at dei offentlege ressursane skal strekkje til.

– Dette er store utfordringar, og eg trur vi må både jobbe og tenkje annleis i framtida om vi skal få dette til å fungere.