Hopp til innhold

No får Ingrid og Maria gratis bind og tampongar på skulen

Jenter i dei vidaregåande skulane i Vestland skal no sleppe betale for bind og tampongar. – Det vil vere til hjelp for mange, seier «Helsesista».

Elevar ved Sogndal vgs.

GODT TILTAK: Ingrid Timberlid (18) (fremst) og Maria Sætre Veum (18) synest det er bra at vgs.-elevar no får gratis bind og tampongar

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er eit flott tiltak for oss jenter, seier Ingrid Timberlid (18).

Ho er elev ved Sogndal vidaregåande skule, og ei av mange som no vil få gratis bind og tampongar – betalt av Vestland fylke.

Ordninga skal bidra til at det vert enklare for jenter å bli verande på skulen sjølv om dei har gløymt å ta med sanitetsprodukt heimanfrå.

At dei no slepp å betale for desse produkta, blir godt motteke blant skuleelevane i Sogndal.

– Det er noko alle treng, så det er greitt å få det dekt. Eg tenker det handlar like mykje om prinsippet som det økonomiske, seier elev Maria Sætre Veum.

NRK forklarer

Hvor mye bruker kvinner på bind og tamponger?

Hvor mye bruker kvinner på bind og tamponger?

NHI anslår at en kvinne har mensen i rundt 40 år. 

 

Hvis vi skal gå ut ifra at en kvinne bruker 1000 kroner i året på sanitærprodukter så vil en kvinne totalt bruke 40.000 kroner på dette i løpet av livet. 

– Har hatt ubehagelege opplevingar

Tale Maria Krohn Engvik, også kjent som «Helsesista», seier det for mange er dyrt å kjøpe bind og tampongar.

Ho trur det å dele produkta ut gratis vil medføre større fridom og vere til hjelp for mange.

– Eg veit at mange unge har ønskt seg det. Mange jenter har ubehagelege opplevingar når dei ikkje har tilgang på bind og tampongar, seier Engvik til NRK.

Då ho sjølv jobba som helsesjukepleiar i vidaregåande skule hadde dei alltid bind og tampongar tilgjengeleg om nokon plutseleg fekk mensen.

– Så eg tenkjer det er kjempefint at dei får dette no.

Helsesista i Ålesund

STØRRE FRIDOM: Jentene kan ikkje noko for at dei har utgifter knytt til kva kjønn dei er, seier «Helsesista»Tale Maria Krohn Engvik.

Foto: NRK

Fleire tilbyr gratis tampongar

Ei undersøking Respons Analyse har gjort for matvarekjeda Kiwi synte at 77 prosent av jenter under 25 år har opplevd ubehagelege situasjonar på grunn av manglande tilgang til bind og tampongar under mensen.

Kiwi og Unicef er mellom aktørane som er med i kampanjen Skolekravet, der det blir kravd gratis bind og tampongar på skular og studiestader.

Frankrike, New Zealand og Skottland har alt innført dette.

I Viken vart det i fjor innført ei prøveordning på nokre vidaregåande skular.

Men ikkje alle meiner det er nødvendig å tilby gratis bind og tampongar.

– Det er jo ei universell ordning som ikkje treffer så målretta når dei fleste kan kjøpe slike produkt sjølv, har formann i FpU Viken Julianne Ofstad tidlegare uttala til NRK.

For eit år sidan valde Forsvaret å tilby gratis bind og tampongar til kvinnelege vernepliktige.

– Det er ikkje alle utfordringar som det er like stor semje om at vi skal bruke tid og pengar på, men dette var ei sjølvfølgje, sa sjefsersjant Rune Wenneberg den gong.

Les også Liva, Maria og Selma kan få gratis bind og tampongar på skulen

Liva Gjeldvik, Maria Førsvoll og Selma Omdal Ergo utanfor Stavanger katedralskole, Kongsgård.

Framleis litt tabu

– Det er framleis litt tabu og skambelagt med mensen. Eg tenker vi kan ufarleggjere det litt og vere med å bidra til å få eit positivt fokus på det, seier Karianne Torvanger (Ap).

Ho er leiar hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland. Utvalet gjorde denne veka vedtak om å legge til rette for sanitetsprodukt på dei vidaregåande skulane i Vestland.

Dei har følgt opp eit vedtak frå Fylkestinget om å løyve 1 million kroner til føremålet.

– Kvifor er det riktig at fylkeskommunen skal betale for dette?

– Kvifor ikkje? Det er ei sak som Vestland ungdomsutval og ungdommen sjølve har fremja som viktig for dei, seier Torvanger.

Alt no er det sendt ut melding til skulane om at dei skal ha tilgjengelege produkt – så blir ordninga rulla ut for fullt når alle vedtak er gjort i Fylkestinget i mars.

Karianne Torvanger

VIL LYTTE: – vi tenkte at det var greitt å lytte og vise at vi faktisk kan gjere noko med nokre av utfordringane ungdomen viser til, seier fylkespolitikar Karianne Torvanger.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK