Hopp til innhold

Liva, Maria og Selma kan få gratis bind og tampongar på skulen

– Like elementært som tørkepapir på toalett, seier fylkesordførar.

Liva Gjeldvik, Maria Førsvoll og Selma Omdal Ergo utanfor Stavanger katedralskole, Kongsgård.

Liva Gjeldvik, Maria Førsvoll og Selma Omdal Ergo går på Stavanger katedralskole, Kongsgård. Dei håpar bind og tampongar vil bli gratis på vidaregåande skular.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Dei aller fleste jenter har opplevd det. Å blø gjennom på ein stad og eit tidspunkt det absolutt ikkje passar.

Liva Gjeldvik (18) frå Stavanger hugsar godt den gongen i 10. klasse.

– Det var heilt krise. Eg begynte å grina og var heilt i panikk for at nokon skulle sjå meg.

Ho måtte reisa heim den dagen og fekk ein halv dag med fråvær. Det hadde ho sleppt om det hadde vore tampongar og bind tilgjengeleg på skuledoen.

Liva Gjeldvik

Liva Gjeldvik seier det var traumatisk å blø igjennom på skulen utan å ha bind eller tampong med seg. Ho håpar det vil bli tilgjengeleg på skulane framover.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Då kunne eg ha fiksa situasjonen og gått tilbake til timen. Det hadde redda fråværet mitt, men også dagen min. Eg hadde ikkje hatt så mykje panikk då.

Kan få gratis bind og tampongar på skulen

I Skottland og Frankrike er bind og tampongar gratis og tilgjengeleg for alle elevar og studentar. Og i februar i år bestemde Forsvaret seg for å gjera det same for vernepliktige kvinner.

Ungdommens fylkesråd i Rogaland håpar å få gjennom eit liknande prøveprosjekt som enn so lenge skal vara i to år.

Då skal sanitetsprodukt vera gratis for elevar medan dei er på skulen.

– Dette er viktig for at jenter skal føla seg komfortable på skulen, seier medlem i ungdommens fylkesråd Maria Førsvoll.

Selma Omdal Ergo, Maria Førsvoll og Liva Gjeldvik utanfor Stavanger katedralskole, Kongsgård.

Medlem i ungdommens fylkesråd i Rogaland, Maria Førsvoll (i midten), saman med venninnene Selma Omdal Ergo (t.v.) og Liva Gjeldvik (t.h.).

Foto: TOMINE WALMSNESS / NRK

Ho meiner dette kan vera med å få ned fråværet på grunn av mensen. Det vil også vera til økonomisk hjelp for jentene.

Fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) støttar forslaget og forventar at det blir vedtatt.

Ho seier elevar har sagt at dei ynskjer det og helsesjukepleiarar melder om eit behov.

Me tenker at sanitærprodukt for jenter er like elementært som tørkepapir på toalett, seier Chesak.

Fylkesordførar i Rogaland Marianne Chesak.

Fylkesordførar i Rogaland Marianne Chesak er positiv til prøveprosjektet, og trur dei vil prioritera det i budsjettet for neste år.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Prislapp på 700.000

Ungdommens fylkesråd foreslår at det blir sett av 700.000 kroner til det i Rogaland fylkeskommune sitt budsjett for 2022.

Blir det sett av pengar i årsbudsjettet vil det sannsynlegvis bli tilgjengeleg på skulane så raskt som det er praktisk mogleg.

Det kan bli i 2022, ifølge fylkesordføraren.

Etter det NRK kjenner til har ingen andre fylkeskommunar sett i gang liknande ordningar. Førsvoll i Ungdommens fylkesråd håpar andre kan ta inspirasjon frå dei.

– Det er jo ikkje slik at mensen er noko man berre har i Rogaland. Eg trur det hadde vore veldig lurt om andre fylke kunne ha gjort det same.

Tamponger

Ungdommens fylkesråd i Rogaland vil at fylkeskommunen skal setta av 700.000 kronar i budsjettet for 2022, for å tilby gratis tampongar og bind til elevar på vidaregåande medan dei er på skulen.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Ungdommens fylkesråd skal diskutera saka onsdag denne veka. Blir det vedtatt, skal saka behandlast i opplæringsutvalet 5. oktober.

Ei endeleg avgjerd blir tatt i fylkestinget i desember i år, då budsjettet for neste år blir heilt klart.