Hopp til innhold

No er Ulrik (27) klar for den danske Superligaen

Etter fire månader i danske Silkeborg sette stryningen inn sitt første mål og var med å sikre opprykk. Då han kom heim til gamle lagkameratar i Sogndal var dei mest opptekne av noko anna.

Ulrik Flo i danske Silkeborg

DANSK SUPERLIGA: Etter fire månader i Danmark tek Ulrik Flo steget opp i den danske toppserien.

Foto: Silkeborg IF

– Det einaste dei masa om var, snakk dansk, snakk dansk, flirer Ulrik Flo.

I helga fekk han si første nettkjenning for Silkeborg. Flo starta målshowet då laget sikra opprykk til dansk toppserie med 5–0 siger over Velje.

Etterpå har sigersintervjuet hans med TV3 Sport fått mykje merksemd. Fjordingen skriv mellom anna om intervjuet som vart gjort på det nokre meiner er flytande dansk.

– Det er ganske langt frå flytande, det er bra gebrokkent, flirer stryningen som har fått fleire kommentarar.

– Folk heime er uroa for at eg skal gje slepp på morsmålet. No har det jo vore sogning, austlandsk og dansk, humrar han.

Kor god Flo er i dansk kan du sjølv dømme her (Obs: ekstern lenke, NRK er ikkje ansvarleg for innhaldet).

– Det har vore litt tungt

Etter åtte år i Sogndal vart det to klubbyte på rappen. På seinsommaren i fjor gjekk Flo til Odd, før han i januar signerte for Silkeborg. Der har det gått opp og ned.

– Det gjekk veldig bra i starten. Eg skåra i alle treningskampane og forventningane til meg vaks veldig. Men eg har ikkje fått det heilt til i serien, så det var godt at eg fekk skåra mitt første mål i den siste kampen for sesongen.

Korleis var det?

– Det var veldig artig å sjå reaksjonen frå lagkameratane mine. Dei veit det har vore litt tungt, så det var kjekt å sjå at dei verkeleg unna meg det, seier han og legg til:

– Det ligg ikkje i min natur å gje opp. Viss ein jobbar hardt nok, så får ein betalt for det.

Ulrik Flo mot Ranheim

SOGNDAL: Ulrik Flo var åtte år i Sogndal. Her er han i aksjon mot Ranheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Klar for toppserien

No tek han ein pust i bakken heime i Norge før ny sesong startar i juli. Med opprykk til superligaen ventar lag som FC København og Brøndby IF.

– Det blir spennande. Eg har sett ein del superligakampar medan eg har vore i Danmark, og det er jo som i Norge, at det er ei heilt anna atmosfære der.

– Det er veldig mange ihuga supporterar som skapar stor stemning og det er det ein har lyst å spele for når ein er fotballspelar, seier Flo.

Kor lenge han blir i Silkeborg synest han er vanskeleg å svare på, men trur og håpar det blir ei god stund. Målet er å jobbe for sportsleg suksess, og:

– Eg har mål om å snakke flytande dansk før eg reiser frå Silkeborg, gliser han og legg fort til:

– Men eg prøver å halde på dialekta.