Hopp til innhold

No er skulegarden forvandla til eit filmsett

SANDANE (NRK): Innspelinga av den nye ungdomssatsinga til NRK og Rubicon er i gang. – Dette er ingen oppfølgar til SKAM. Det kjem alle til å sjå frå første episode, seier produsenten.

Innspeling av Lovleg på Firda vgs.

SKULEGARDEN: Firda vidaregåande er den viktigaste kulissen i den nye ungdomsserien.

Foto: Hege Hauff Hvattum / RUBICON

I skulegarden på Firda vidaregåande på Sandane ser det ut som ein heilt vanleg skuledag, sjølv om det er midt på sommaren. Skulen er forvandla til eit filmsett og det er innspelinga av den nye ungdomsserien Lovleg, som er i gang.

Førebels er det meste hemmeleg. Både kven som har skrive serien og kven som spelar i den, haldast godt skjult av produksjonsselskapet.

– Vi har veldig unge og uerfarne skodespelarar og dei har nok press på seg allereie, så det er for å skjerme dei, seier produsent Hege Hauff Hvattum.

Innspeling starta for ei veke sidan og skal halde fram til slutten august.

Kjenner på presset

Lovleg kjem på NRK tidleg i haust. Den handlar om ungdom som bur på hybel og går på vidaregåande på Sandane.

Det er knytt store forventningar til serien og mange ser på den som ein oppfølgjar til SKAM. Men det vil det ikkje bli, ifølgje produsenten.

Produsent for lovleg, Hege Hauff Hvattum

PRODUSENT: Hege Hauff Hvattum seier det er store forventningar knytt til Lovleg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein kvar slik serie er noko for seg sjølv. Vi er ingen oppfølgar til SKAM. Vi er ein heilt annan serie og det kjem alle til å sjå frå første episode, seier ho.

Det har vore eit stort press på produksjonsteamet.

– Vi har kjent på presset i mange månader. Det er store forventningar til at dette skal bli ein ny internasjonal suksess, og vi har enorm respekt for det som NRK P3 har fått til med liknande seriar.

Gler seg til å vise fram Bygde-Noreg

Det Hvattum kan røpe er at serieskaparen sjølv har vore elev ved Firda. Alle skodespelarane og statistane i serien kjem også frå Sogn og Fjordane.

Kristianne Sandal Engelbrektson og Tor Kristian Eikenes er med som statistar. Dei har vore elevar ved Firda i tre år og gler seg til å sjå skulen sin på skjermen.

Dei er statistar i Lovleg

STATISTAR: Kristiane Engelbrektson og Tor Kristian Eikenes er med som statistar i Lovleg.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi er vant til å gå rundt i gangane her, så det blir jo spesielt å sjå det i ein serie, seier Eikenes.

Dei er glade for at Bygde-Noreg blir synt fram på denne måten.

– Det er viktig at vi blir representert. Då får andre som ikkje er herfrå eit innblikk i korleis det er å bu her, seier Engelbrektson.