Hopp til innhold

No er kommuneoppgjeret i gang

I dag startar forhandlingane i lønnsoppgjeret i kommunesektoren. Partane har allereie varsla at dei krev ein lønsvekst godt over frontfagsramma på 5,2 prosent.

KS forhandlinger

LØNNSOPPGJER: Kravet i lønnsoppgjeret i kommunesektoren vart overrekt KS klokka 12.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

Tysdag uttalte forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø uttalte at lønnsoppgjeret i kommunesektoren blir «særs krevjande».

Klokka tolv i dag går han til bords med motparten i forhandlingane: LO Kommune, Unio, YS-K og Akademikerne.

Dei fire representerer 40 ulike fagforbund, fordelt på nesten 100 ulike yrkeskategoriar.

Bakgrunnen for opningsmøtet er resultatet frå frontfag-oppgjeret. Eit resultat som LO-leiar Peggy Hessen Følsvik karakteriserte det som «eit historisk god resultat».

I frontfaget vart det til slutt semje om eit oppgjer med ei ramme på 5,2 prosent. Det legg føringar for kommuneoppgjeret, som omhandlar meir enn 450.000 kommunetilsette.

Under opningsmøtet i dag utvekslar partane sine overordna krav, og KS presenterer sitt første tilbod.

Unio har alt signalisert at dei krev ei lønnsauke som er «godt over» frontfagsramma på 5,2 prosent.

Parallelt går lønnsforhandlingane føre seg i staten.

sykepleiere radium illustrasjonsfoto

Tal frå KS over gjennomsnittlege lønsvekst for ulike grupper i kommunal sektor frå 2017–2022 syner at sjukepleiarane har vore vinnarane.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Håpar på 7 prosent

Ved Gulskogen Bo-og Servicesenter i Drammen håpar helsefagarbeidar Guri Bjelland på ei grunnløn ho kan leve av.

– Vi bør få like mykje som frontfaga, helst eit par prosent meir. Det er kanskje ikkje realistisk, men eg håpar på over 7 prosent.

I dag tener ho litt over 400 000 kroner i år, og det når ikkje langt i bustadmarknaden i Drammen.

– Dei siste fem åra har bustadprisane auka med 26 prosent, medan løna mi har auka med litt over 16 prosent. Så mi løn har ikkje følgt prisveksten i resten av samfunnet, seier Bjelland.

helsefagarbeider-bilder

Guri Bjelland er helsefagarbeidar ved Gulskogen Bo-og Servicesenter.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Krev løft for dei lågtlønte

Lønnsoppgjeret er eit mellomoppgjer, der berre lønnsregulering er tema.

– Vi krev likt lønnstillegg for alle og eit løft for dei lågløna i mellomoppgjeret for Oslo kommune, seier Per Egil Johansen i Fagforbundet, som er forhandlingsleiar for LO Kommune Oslo.

LO Kommune Oslo representerer meir enn 18.000 arbeidstakarar i Oslo kommune.

Kravet til LO og Fagforbundet er ei lønsutvikling på line med frontfaget 2023.

I frontfaget vart det til slutt semje om eit oppgjer med ei ramme på 5,2 prosent.

– Kommunal sektor er blitt hengande etter i lønnsutviklinga i tre år på rad. Det er ei utvikling som ikkje kan halde fram, seier leiar Roger Dehlin i Fagforbundet Oslo.

Dei meiner difor løysinga må vere kronetillegg og ikkje prosentar.

Klare forventningar frå lærarane

I Utdanningsforbundet har fylkesleiar i Vestland, Steinar Strømsli klare til forventingar til eit oppgjer i år som vil gi dei reallønsvekst.

– No har kommunal sektor i fleire år gått tapande ut samanlikna med det private.

Dei meiner difor at dei i år må gå ut over frontfagsramma på 5,2 prosent. Samstundes er Strømsli uroa for at lærarane igjen skal verte taparane når lågtlønte kommunesektoren skal få eit løft.

– Skal nokon få meir enn andre i dette oppgjeret så må dei ta det frå nokon. Men dei kan ikkje for sjuande gong ta det frå lærarane, då vert det trøbbel, seier Strømsli.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestland, Steinar Strømsli.

Steinar Strømsli er leiar i Utdanningsforbundet i Vestland.

Foto: Erlend Skorpetveit Aga / NRK

Lønnsgapet til privat sektor kan ikkje fortsette å auke

Kommune-Noreg er heilt avhengig av høgt utdanna for å levere gode tenester og då må vi investere i dei, seier leiar i Akademikerne kommune Tonje Leborg.

Akademikerne forhandlar sentralt for om lag 5000 lektorar og lærarar. Dei andre medlemmene i kommunesektoren, kring 22 000, forhandlar si løn kollektivt og lokalt i kommunane.

Akademikerne krev at forhandlingane skal skje lokalt i årets oppgjer, og jobbar på sikt for å endre lønnssystemet for lektorane, til eit lokalt forhandlingssystem, som er vanleg i resten av arbeidslivet.

Systemet er rett og slett dårleg eigna til å rekruttere og behalde undervisningspersonalet skulane har behov for, seier Leborg.

Sjukepleiar lønsvinnarar i dei siste oppgjera

Tal frå KS over gjennomsnittlege lønsvekst for ulike grupper i kommunal sektor frå 2017–2022 syner at sjukepleiarane har vore vinnarane:

  • Sjukepleiarane har hatt ein lønsvekst på 17.2 % (til 614.500)
  • Lønsveksten for lærarane (adjunktar) har vore på 13 % (til 584.200)
  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar har hatt ein lønsauke på 12.4 % (til 538.500)
  • Adjunkt med tilleggsutdanning har hatt lønsauke på 12.4 % (til 636.400) og Lektor med tilleggsutdanning har hatt lønsauke på 11.4 % (til 685.000)

Ifølge KS syner tala at sjukepleiarar har hatt høgare gjennomsnittsløn enn den sentralt avtalte garantiløna.

Partane har frist til 30. april ved midnatt. Dersom forhandlingane ikkje fører fram, går oppgjeret til mekling.

Ifylgje KS har ein adjunkt med tilleggsutdanning hatt 12.4 % i lønnsauke mellom 2017-2022.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB