Hopp til innhold

No er den nye høgskulen på Vestlandet opna

SOGNDAL (NRK): Høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund har slått seg saman, og i dag vart den nye eininga opna på tre forskjellige stader.

Erna Solberg i Sogndal

STORSTILT OPNING: Statsminister Erna Solberg har vore i Sogndal for å opne den nye vestlandshøgskulen med pomp og prakt.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Statsminister Erna Solberg (H) har teke turen til Sogndal for å vere med på opningsseremonien av det som blir den femte største utdanningsinstitusjonen i landet.

– For det fyrste er det veldig hyggeleg å vere her, og for det andre trur eg at dette er ein fusjon som vil stykre alle dei ulike fagmiljøa ved dagen tre høgskular, sa ho til NRK sin reporter på veg ut av opningsseremonien.

Det har vore knytt spenning til om å fusjonen kom til å gå igjennom, og særleg i Sogn og Fjordane har det vore skepsis. Solberg var letta då samanslåinga var i boks.

– Eg kan trygt seie at her i Sogn og Fjordane responderte de på utfordringa frå sentrale styresmakter i beste vestlandstradisjon, med å strete i mot av alle krefter, sa statsminister Erna Solberg då ho opna Høgskulen på Vestlandet frå campusen i Sogndal.

Les også: Det ukjende dramaet om høgskulen i vest

Ein lang og kronglete veg

Frå 1. januar 2017 vart Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund ein felles institusjon, med rektor sitjande i Bergen. Vegen fram har vore lang og kronglete, som Solberg påpeika i sin opningstale.

Les også: No blir dei tre høgskulane ein

Torbjørn Røe Isaksen åpner Høgskulen på Vestlandet

OPNING: Den nye høgskulen skal ha hovudsete i Bergen, og i dag var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen der for å delta på opningsseremonien.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Det har vore ein grundig prosess og ein open debatt. Det har ført fram til ei løysing som er det beste for Vestlandet og beste for Noreg, heldt Solberg fram.

Den nye høgskulen har vore eit viktig prosjekt for regjeringa, og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) var i Bergen og var med på å opna den nye høgskulen frå campusen i vestlandshovudstaden.

Til saman vil 16 000 studentar no få sin studiestad ved vestlandshøgskulen, fordelt på dei fem studiestadane Stord, Haugesund, Sogndal Bergen og Førde. Også studentsamskipnadane og studentparlamenta skal verte slått saman til eitt.

Vil ha institusjonar med kraft bak seg

Kunnskapsminister Røe Isaksen har vore ein særleg pådrivar for samanslåinga av høgskulane.

– Om vi skal klare å ha skikkelege, livskraftige universitet og høgskular som leverer på det kunnskapsnasjonen Norge treng, må ein ha litt kraft bak seg. Det får ein ikkje om vi har ein liten eining på kvart nes, det får du når du samlar og slår saman, seier kunnskapsministeren.

Motstanden mot samanslåinga var spesielt stor på campusen i Sogndal, fordi dei frykta mellom anna ei opphoping av sjefar i Bergen og at høgskulen skulle mista den nære kontakten han har hatt med kommunane, fylkeskommunen og bedriftene i regionen.