Hopp til innhold

No blir det sett opp fangnett her

Under uvêret Thor blei ein lastebil treft av eit steinskred på E39. No blir fjellsida sikra.

Asfaltbil treft av ras på E39

RAMPONERT AV STEINBLOKKER: Heldigvis trefte steinane berre tilhengaren på asfaltbilen på E39 under uveret Thor i januar.

Foto: Eirik Markeset / Statens vegvesen

Skredet kom i slutten av januar ved Dregebø mellom Sande og Vadheim. Lastebilen som var i arbeid på anlegget blei treft av steinane, men til alt hell kom ingen til fysisk skade.

– Geologar frå Statens vegvesen har no vurdert området, og dei anbefalte å montere eit fanggjerde av same type som er sett opp lengre nord langs Dregebøvatnet, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i ei pressemelding.

Monteringa startar neste veke. Dale trur at trafikken stort sett kan gå som planlagt under sikringsarbeidet.

– Det er allereie lysregulering på staden i samband med bygging av nye Dregebø bru, men vi må kanskje inn med meir dirigering, seier Dale.

Dregebø på E39

FANGNETT: Dette gjerdet står litt lengre nord langs Dregbøvatnet. Det er same type som skal setjast opp ved Dregebø.

Foto: Statens vegvesen

Hendinga i januar skal ifølgje vegvesenet ikkje ha forseinka prosjektet i særleg grad, men asfaltarbeidet har blitt usett.

– Entreprenøren får heller ikkje jobbe i dette området før sikringa er på plass. Ikkje fordi det er farleg, men fordi graving i samband med monteringa av nettet kan skape rørsle i steinura.

Det har kome mykje snø i Vadheimsdalen dei siste vekene, og vegvesenet håpar på mildvêr slik at entreprenøren kan komme i gang med å gjere ferdig området ved sidan av vegen.

– Bygginga av nye Dregebø bru har vore eit krevjande tiltak, og dette området vil bli ferdigstilt til slutt i prosjektet. Det går likevel mot opning av anlegget i juni som planlagt, seier Dale.