Hopp til innhold

16 studentar har testa positivt: – Vi ventar ein god del fleire smitta

Smitteutbrotet i Sunnfjord blir no knytt til studentmiljøet. Kommuneoverlegen ventar at smittetala blant studentane vil stige.

Øystein Furnes er kommuneoverlege i Sunnfjord.

TRUR PÅ KONTROLL: Kommuneoverlege Øystein Furnes er tydeleg på at det er studentmiljøet som i stor grad er arnestaden for det nye smitteutbrotet i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alle studentar knytt til Høgskulen i Vestland som har vore i Sunnfjord kommune dei siste ti dagane vert no koronatesta.

Det var nyheitsavisa for høgare utdanning og forsking, Khrono, som først omtalte saka.

I løpet av få dagar er no 36 personar stadfesta koronasmitta. 34 av desse er knytt til det same utbrotet.

Ni av smittetilfella har kome det siste døgnet. 16 av dei er studentar.

Men kommuneoverlege Øystein Furnes seier til NRK at dei trur tala vil stige .

– Vi ventar ein god del fleire smitta innanfor den gruppa som no er i karantene. Men eg håpar at vi ikkje får nokon utanom.

Strammar inn undervisning

Han er likevel optimist.

– Vi har hatt ein betydeleg lågare treffprosent på testane det siste døgnet, og det er eit godt teikn, seier Furnes.

Rektor ved HVL, Gunnar Yttri, meiner at høgskulen har hatt gode tiltak på dei ulike campusa på Vestlandet, også i Førde.

– Vi har hatt digital undervisning, men har løyst litt opp denne veka i tråd med nasjonale retningslinjer. Men no kniper vi sjølvsagt inn igjen, seier rektor.

På høgskulen sitt campus i Førde held 700 ingeniør- og sjukepleiarstudentar til.

Utbrotet vart først knytt til Klatresenteret i Førde.

– Men no er studentmiljøet veldig sentralt. Mange bur i kollektiv og man er tett saman, og her er det mange som er smitta, seier kommuneoverlege Øystein Furnes.

To klynger

Furnes er klar på at det likevel er for tidleg å avklare rolla til klatresenteret i denne utbrotet. No jobbar kommunen ut ifrå to ulike klynger.

– Den eine er studentane, medan den andre klynga er knytt til innreisesmitte. Desse to klyngene har møtt kvarandre på klatresenteret, og vi kan ikkje seie at dette ikkje har hatt betydning. No er det likevel studentmiljøet vi er nøydde å fokusere på, seier han.

Klatrehallen i Førde

SMITTE: Utbrotet i Sunnfjord vart først knytt til Førde Klatresenter.

Foto: Torje Bjellaas

Fleire hundre personar er i karantene som følgje av utbrotet.

Tysdag testa om lag 470 personar seg i Førde. Så langt er det ikkje kome svar på om nokon er smitta av mutert virus.

– Det viktigaste no blir å halde fram med smittevern og å teste seg. Det er ein veldig utfordrande situasjon, men vi har kontroll, seier kommuneoverlegen.

Må stå over praksis

Helse Førde må klare seg utan 152 praksisstudentar den komande veka.

I tillegg har helseføretaket 46 tilsette i karantene, mellom anna på grunn av to sjukepleiarstudentar som testa positivt.

Fagdirektør Evy-Helen Helleseth seier sjukehusa blir drifta som normalt, men at dei vil merke at studentane ikkje er på jobb.

Fagdirektør Evy-Helen Helleseth i Helse Førde

– VANSKELEG: Fagdirektør Evy-Helen Helleseth seier sjukehusa blir drifta som normalt, men at dei vil merke at studentane ikkje er på jobb.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det var ei vanskeleg vurdering vi gjorde i går då vi tok avgjersla om å ikkje ha studentar innom oss, seier ho.

Ein tilsett smitta

Fagdirektøren fortel at ein av dei smitta var i kontakt med pasientar før vedkommande visste om smitten.

– Heldigvis har han vore flink med smittevern og gjort alt etter boka, seier Helleseth.

Blant dei 35 som no er smitta er éin tilsett ved Helsetunet i Førde.

Ifølgje Firda er den tilsette og åtte bebuarar sette i karantene.

Ingen av bebuarane fekk utslag på hurtigtesten tysdag, men skal testast att i dag.

Høgskulen på Vestlandet med sjukehuset i Førde i bakgrunnen.

152: Helse Førde må klare seg utan 152 praksisstudentar den komande veka.

Foto: Ola Weel Skram / NRK