Hopp til innhold

Knyter smitteutbrot til klatresenter: – Vi har drive i tråd med retningslinjene

Totalt 27 personar har no fått påvist covid-19 i utbrotet i Sunnfjord kommune. Om lag 300 personar er sett i karantene.

Klatrehallen i Førde

UTBROT: Smitteutbrotet i Sunnfjord blir knytt til klatresenteret i Førde. Dette bildet er ikkje teke i løpet av den siste veka.

Foto: Torje Bjellaas

SISTE: Ytterlegare fire personar har i løpet av tysdag føremiddag fått påvist smitte. Dermed er til saman 27 personar sett i isolasjon.

Måndag testa ni nye positivt i Sunnfjord kommune. Det stadfestar kommuneoverlege Øystein Furnes.

– Smittevegen til fire av dei ni som no har testa positivt kan sporast til klatresenteret I Førde. Dei fem andre er nærkontaktar, opplyser han.

23 smittetilfelle i Sunnfjord kommune svarer til 120 per 100.000.

– Det er det verste vi har hatt. Det er veldig utfordrande, men vi har faktisk oversikt, seier Furnes.

Øystein Furnes

Kommuneoverlege: Øystein Furnes.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Dagleg leiar hos Førde Klatresenter, Torbjørn Wiken, seier dei har følgt rettleiaren frå Norges Klatreforbund.

– Det er ikkje krav om vasking av klatretaket i det daglege reinhaldet. Ein legg til grunn at besøkande vaskar seg på henda før og etter dei klatrar, seier Wiken som meiner dei har drive klatresenteret i tråd med gjeldande reglar.

300 testar i dag

I tillegg til klatresenteret har fleire av dei smitta vore innom både treningssenter og kafear.

No er om lag 300 personar i karantene.

– Det er ingen som har gjort noko uansvarleg, men vi rår folk til å vere veldig tilbakehaldne med sosial kontakt no. Oppfør deg som om alle du møter er smitta, oppmodar han.

I går vart det tekne om lag 230 koronaprøver på teststasjonen i Førde. Tysdag er det planlagt 300 nye testar.

Kø ved testestasjonen i Førde

PÅGANG: I går var 230 personar innom teststasjonen i Førde.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Det er så langt uvisst om nokon er smitta av den muterte virusvarianten.

– Alle prøvar blir rutinemessig sendt inn til analyse, seier Furnes.

Helse Førde analyserte måndag 312 koronaprøver. Av desse var det dei ni frå Sunnfjord kommune som var positive.

Nye tiltak

Måndag var Furnes uroa fordi to av dei smitta hadde ukjend smitteveg.

– Også smitten hos desse kan sporast til klatresenteret, seier han.

No har Førde Klatresenter innført nye reglar for besøkande. Dei oppmodar om å avgrense besøkstida til to timar.

Natt til tysdag sende klatresenteret også ut melding til personar som har vore innom onsdag og torsdag om å halde seg heime.

Skjermdump

KARANTENE: I natt sende klatresenteret ut denne meldinga.

– Vi stenger også klatresenteret i dag, seier Wiken.

Det er framleis uvisst kor lenge senteret blir stengt.

– Vi har ikkje tatt ei vurdering på det endå, men har løpande kommunikasjon med kommunen, seier han.

Torbjørn Wiken

LEIAR: Torbjørn Wiken er dagleg leiar på Førde Klatresenter.

Foto: NRK

Auka nivå

– Det fungerer slik at vi er veldig avhengige av dei råda vi får frå kommuneoverlegen. No er vi på beredskapsnivå 2 av 5 og det er ikkje behov for tiltak utover det som er sagt, sa ordførar Olve Grotle til NRK måndag kveld.

– Eg trur det er viktig at vi er medvitne på at smitten er her. Vi har fått oss ei oppvakning, understreka Grotle.

Trass i auka smittenivå valde kommunen å halde folkemøte om skulenedlegging i Naustdal.

– Dette møtet blir arrangert i tråd med dei råda vi har fått av smittevernlegen. Så vi trur det skal vere gjort på ein god og trygg måte, sa varaordførar i Sunnfjord, Jenny Følling.