Hopp til innhold

NFF etter ny tabbe: Går mot VAR i norsk toppfotball i 2023

Dommaren vedgår kritisk feil i kvalikkampen mellom Mjøndalen og Sogndal. NFF svarar med å slå fast når Norge kan få videodømming.

Situasjon fra Mjøndalen-Sogndal der Mjøndalen-spiller er i offside før skåring.

TABBE: VAR kunne kanskje avslørt at Mjøndalen sin 2-2-scoring i kvalikkampen mot Sogndal aldri skulle vore scoring. Videobileta viser at målscorer Ole Amund Sveen var i offside då ballen vart spelt mot han.

Foto: Eurosport

– VAR kan vere på plass i norsk fotball allereie i 2023, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Noregs Fotballforbund (NFF) til NRK.

Det skjer same dag som toppdommar Tom Harald Hagen innrømmer feil i kvalikkampen mellom Sogndal og Mjøndalen.

Måndag kunne bruntrøyene juble for ny kontrakt i eliteserien i fotball, etter at dei scora vinnarmålet sju minuttar på overtid.

Men TV-bilda etter kampen viser tydeleg at Mjøndalen si utlikning i det 88. minutt aldri skulle ha vore godkjend.

Ole Amund Sveen jublar etter scoring mot Sogndal

UTLIKNA: Tidlegare Sogndal-spelar Ole Amund Sveen jublar for scoring mot gamleklubben under kvalikkampen mellom Mjøndalen og Sogndal i Oslo måndag 28. desember.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Hagen: – Skulle vore avblåst

– Når vi ser på reprisar og bilde etterpå, så ser det ut som Mjøndalen-spelaren (Ole Amund Sveen, journ.anm.) er nokre centimeter for langt framme med foten. Då skulle det vore avblåst for offside, seier dommar Tom Harald Hagen til NRK i dag.

Sogndal leia då 2–1 i kvalikkampen, kor vinnaren blei løna med eliteseriespel. Ingen veit kva resultatet hadde blitt om Mjøndalen-scoringa hadde blitt annullert, men dommar Hagen legg ikkje skjul på at hendinga kom på eit kritisk tidspunkt i kampen.

– Det er snakk om marginar, og ting skjedde veldig fort. Ute på bana var det ingen som snappa opp at det var offside før TV-reporterane stilte spørsmål etterpå, seier Hagen.

– Kor nyttig hadde det vore om du hadde VAR til hjelp der og då?

– I så tronge situasjonar hadde VAR vore eit veldig bra hjelpemiddel for å kunne avdekke at spelaren faktisk var 20 centimeter på feil side i det ballen blei spelt. VAR er ikkje perfekt, men vi dommarar er positive til å ta det i bruk, seier dommaren.

Dommer Tom Harald Hagen

INNRØMMER FEIL: Dommer Tom Harald Hagen seier 2-2-scoringa ikkje skulle ha vore godkjend.

Foto: Jil Yngland / NTB

Vil koste ti mill. per sesong

NFF er allereie godt i gong med undersøkingar og førebuingar for å kunne ta VAR-dømming i bruk også i Noreg. Målet er å ta verktøyet i bruk i 2023-sesongen.

– Vi har starta eit prosjekt internt for å sjå på moglegheitene, der vi blant anna er i dialog med Danmark. No er vi på eit stadium kor vi greier ut korleis vi skal utdanne eigne dommarar og ser på tekniske løysingar, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn til NRK tysdag.

Det vil truleg koste rundt ti millionar kroner å drifte VAR per sesong. Kor desse pengane skal kome frå, er ikkje klart.

Men ei framtid utan VAR i norsk fotbal verkar lite sannsynleg.

– Dommarane er veldig pro-VAR, for det vil gjere jobben deira enklare. Det er også viktig for at dei skal kunne ha ei karriere internasjonalt, kor VAR blir brukt. VAR er eit viktig fotballprosjekt, ikkje berre for dommarane, seier Fisketjønn.

Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund

GJER KLART FOR VAR: Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund seier NFF er i gong med å førebu VAR-dømming i norsk fotball.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Fjernar magien og det gåtefulle

Fotballsosiolog Arve Hjelseth meiner norsk fotbal har hatt eit fortrinn dei siste åra fordi den omdiskuterte VAR-teknologien ikkje har vore involvert.

– Kanskje hadde VAR gitt eit anna resultat i går, og kanskje ville det blitt mer rettferdig. Men trua på at VAR løyser ein rekkje problem, er ønskjetenking, seier Hjelset.

Han meiner det sjølv ikkje med videodømming ut frå mållinje-teknologi vil vere mogleg å dømme heilt objektivt.

I både store meisterskap og i internasjonale ligaer har ei rekke tvilsame VAR-avgjerder ført til heftige diskusjonar om kor mykje ein kan store på verktøyet.

– I forsøket på å innbille publikum at det fins ein fasit, fjernar ein magien, spontaniteten og det gåtefulle, hevdar Hjelseth.

Sogndal: – Sjølvsagt bittert

På Fosshaugane i Sogndal set ein pris på orsakinga frå dommar Hagen. Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, erkjenner at menneskelege feil er noko ein må rekna med.

– At dommarane tek avgjerder som i ettertid viser seg å vera feil, har fotballen levd med i alle tider. Konsekvensen av desse feila er ikkje alltid like store. Offsidemålet i går tok ifrå oss ein moglegheit. Det er sjølvsagt bittert idag, seier Mo.

– Samstundes er dette den levande fotballen. VAR er ein sikkerheit men ikkje nødvendigvis til det gode for idretten.

Rasmus Mo

BITTERT: Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Rasmus Mo, er bitter over opprykket som glapp, men er ikkje berre glad for at VAR er på vei til Noreg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK