– Det viktigaste når du begynner er å lage eit godt system som gjer at ting blir oversiktleg, seier slektsgranskar Kai-Samuel Vigardt.
Då unngår du også at informasjonen du finn undervegs ikkje «blir borte» i leitinga.
Slektsgransking er det viktigaste verktøyet i Ukjent arving. I NRK-serien leiter han, saman med programleiar Tarjei Strøm, etter menneske som har rett på ein arv.
Det kan vera vanskeleg å vita kvar ein skal starte dersom ein vil finne ut meir om eigen slekt.
Vigardt har fire tips til kvar ein kan starte:
Digitalarkivet
Digitalarkivet har gjort tilgjengeleg ein del kjelder som kan vere nyttige for å komme i gang med slektsgransking.
Der kan ein eksempelvis finne kyrkjebøker, folketeljingar og dødsfallsprotokollar.
Nasjonalbiblioteket
Han råder også til å leite på sidene til Nasjonalbiblioteket.
– Dei har publisert millionar av aviser, bøker, tidsskrift og mykje anna nyttig materiale, seier Vigardt.
Slekt og data
Slekt og data har ein søkbar database over ein stor mengde fysiske gravminne.
Vigardt meiner at sjansen er stor for å finne ein del av det du søker etter. På sidene vil du kunne få både fødsels- og dødsdato.
Fysiske arkiv
Vigardt oppfordrar også til å oppsøke dei fysiske arkiva, både statsarkiv og kommunale arkiv.
– Det finst utruleg mykje spennande å leite i som kan kaste lys over dine forfedrar si historie.
Nettmøte med Kai-Samuel Vigardt
Søndag 4. september svarte han på spørsmål om slektsgransking.
Slektsforskar Kai-Samuel Vigardt.
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRKUnder nettmøtet kom det inn så mange spørsmål at han ikkje rakk å svare på alle.
Me vil difor bruke dei neste dagane til å svare på så mange spørsmål som mogleg.
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett