Søstrene har vore lenge på flukt. Andre verdskrig har snart vart i fem år.
Tatjana (10) er sjuk og slit med å gå. Ho blir forlaten i skogen av sin eigen familie.
Ho ser aldri søstrene igjen og må frå nå av klare seg aleine.
Når Tatjana døyr dukkar spørsmålet opp: Er det mogleg å finna familien igjen?
Jenta som vart forlaten i skogen
Jenta som vart forlaten i skogen
Tatjana Wirbo var så å seie aleine i verda. Ho hadde ingen familie eller nære venner.
Ho var 78 år då ho gjekk bort. Igjen sto ein arv på 1,5 millionar kroner.
Hennar einaste son skulle ha arva pengane, men han gjekk bort to år før henne.
Staten har ikkje klart å finne andre arvingar. Om ingen finn familien, går pengane til nokon andre.
Hadde ho verkeleg ingen?
I dødsannonsen står det berre eitt namn: Svanhild.
Kven er Svanhild?
I jakta på svar blir me overraska over det ho skal fortelje.
Svanhild kjente knapt Tatjana. Likevel var det Svanhild sjukehuset ringde då Tatjana låg for døden.
Kvifor blei ho sett opp som pårørande?
For å få fleire svar, må me sjå nærmare på Tatjana sitt liv.
Me skal også få vite meir om kva som skjedde med familien.
Forlaten i skogen
Tatjana var berre fire år då andre verdskrig braut ut og Sovjetunionen tok heimbyen hennar Lviv.
Byen var då ein del av Polen, men ligg nå i Ukraina.
Krig, frykt og livet på flukt.
Det er 80 år sidan, men i dag opplever denne delen av Europa mykje av det same som skjedde då Tatjana var liten.
Lviv i 1944.
Foto: akg-images / NTBFamilien hennar blei tvangsflytta frå Polen av tyskarane i 1942.
I fleire år var dei tvangsarbeidarar på ein gard i det som tidlegare var Aust-Tyskland.
Dei var slavar for tyskarane.
Vinteren 1945, når Tyskland kollapsar, kjem familien frå kvarandre.
Faren og den eldste søstera blir sendt til austfronten.
Mora reiser vekk med ein sjuketransport.
10 år gamle Tatjana og dei to eldre søstrene Olga og Natalia blir sendt vestover saman med andre flyktningar.
Då dei kjem fram, startar dei å vandre i ein skog.
Tatjana, Olga og Natalia må finne mor.
Det neste som skjer i skogen, må ha sat preg på resten av Tatjana sitt liv.
Tatjana i vaksen alder.
Foto: PrivatHo blir forlaten av sine eigne søstrer.
Me veit ikkje kvifor, men me veit at ho var sjuk og svak.
Tatjana hadde både lungesjukdommen tuberkulose og tyfus.
Gjekk søstrene for å finne hjelp? Trudde dei at ho skulle døy?
I den framande skogen blir ho liggande åleine, heilt til ein tysk soldat finn ho. Han tek Tatjana med seg til eit sjukehus.
Tatjana skal seinare komme til Noreg og få ein ny start på livet.
Familien som ho mista i skogen i 1945, skulle ho aldri sjå igjen.
Flyktningen ingen ville ha
Endeleg er krigen over. I 1950 er landa i Europa i gong med å bli bygde opp igjen.
Det fløymer av flyktningar i Aust-Europa som treng ein ny stad å bu.



Men det vil ta lang tid før Tatjana får eit nytt heimland.
I dei neste seks åra blir ho sendt fram og tilbake mellom sjukehus og flyktningleirar.
På eitt av sjukehusa blir Tatjana smitta av polio, eit virus som kan gi lammingar.
Tatjana blir delvis lam i det eine beinet og trenger både krykker og beinskinner for å kunne gå.
Mens dei unge og arbeidsføre fekk seg nye heimland, ville ingen ha dei gamle, dei sjuke eller dei foreldrelause.
Tatjana var både sjuk og foreldrelaus.
Slike som henne kunne ikkje gjere nytte for seg, så dei blei kalla minusflyktningar.
Då ho er 16 år skjer det noko.
Noreg er det første landet i verda som tek imot flyktningar som av ulike grunnar ikkje kan klare seg sjølv.






Polio er så å seie utrydda i dag, men på 40- og 50-talet braut det ut epidemiar nesten kvar sommar. Særleg barn var utsette.
FOTO: NORGES HANDIKAPFORBUNDHo blir ein av 200 heldige.
Ein septemberdag i 1951 sit Tatjana på toget til Noreg.
Dei neste åra skal ho få seg utdanning som sydame og jobb på ein klesfabrikk i Bergen.
Tatjana sommaren 1954, då ho var 19 år.
Foto: PrivatNår ho er 22 år, får ho ein son utanfor ekteskap.
Både Tatjana og sonen skal oppleve mykje motstand i livet.
Men kanskje noko av det tøffaste som ho skal gå gjennom, er at sonen døyr før henne.
Livet etter Steffen
Då Tatjana er 76 år går Steffen bort.
Han blei 53 år og døydde truleg av kreft.
Han var den einaste ho hadde. Faren hadde aldri vore i bildet.
Tatjana og sonen Steffen hadde hatt eit forhold med mange opp- og nedturar.
Foto: NRKStarten på livet hans hadde ikkje vore lett for nokon av dei.
Mødrer var som regel heimeverande med barna, medan mannen tente pengar.
Det gjekk ikkje, sidan Tatjana måtte jobbe lange dagar på syfabrikken.
Derfor måtte Steffen på barneheim i Bergen.
Ho besøkte han ofte, og dei gjorde kjekke ting saman.
Men kor mykje ho visste om kva som faktisk skjedde bak dørene, veit me ikkje.
I ettertid har fleire rapportar avslørt forferdelege forhold på barneheimen, som er blitt omtalt som «ondskapens heim».
Andre som har budd der har fortalt om uverdige forhold, vald og overgrep.
John August Orgusaar er ein av dei som har stilt opp i Bergensavisen og fortalt om si historie. Faksimile: Bergensavisen, 8. mai 2004
Faksimile: Bergensavisen, 18. juli 2003
Faksimile: Bergensavisen, 27. juni 2003
Faksimile: Bergensavisen, 27. juni 2003
Mange av barneheimsbarna har hatt vanskelege liv i ettertid.
Det gjaldt også Steffen.
I vaksen alder hadde mor og son hatt eit ganske turbulent forhold.
Ein gong gjekk det så langt at ho bad han om å fjerna etternamnet Wirbo.
Det gjorde han også.
Me veit ikkje korleis forholdet deira enda, men på gravsteinen valde Tatjana å skrive heile namnet hans: Steffen Wirbo Braathen.
Steffen døydde i 2011.
Foto: PrivatEtter gravferda hans gjekk ho heim til leilegheita.
Det hadde alltid berre vore dei to. No var ho heilt aleine.
Men det var ei som tenkte på henne.
Naboen hennar, Svanhild, hadde vore i gravferda, og visste at ho ikkje hadde nokon å snakke med.
Ho ringde Tatjana og spurde om ho kunne komme på besøk.
I ei god stund sat dei saman og prata.
For Svanhild var det ein liten ting å gjere for ein nabo ho ikkje kjente så godt.
For Tatjana kan det ha betydd mykje meir.
Jakta på arven
To år seinare ligg Tatjana på sjukehuset og har store problem med lungene.
Ho har levd eit lang liv med sjukdom.
Tatjana Wirbo døyr på Haukeland sjukehus 20. juni 2013.
I jakta på arvehistorier til NRK-serien Ukjent arving, kjem historia til Tatjana opp.
Hennar historie er ei av dei som verkeleg skil seg ut. Ho blei forlaten i skogen, flykta aleine til Noreg og fekk ein son, som døyde før henne.
Me vil prøve å finne igjen familien til Tatjana, som ho sjølv aldri fann.
Om me klarar å finne spor etter søstrene Olga og Natalia, kan arven på 1,5 millionar kroner gå til nokon i slekta.
Det vil også bety at familien hennar får vite korleis det gjekk med jenta som blei forlaten i skogen.
Me startar å leite i offentlege dokument og brev, og me snakkar med folk som kjente ho i Noreg. Men me finn ikkje svara me treng for å komme nærmare familien.
Derfor må me til Polen og Tyskland.
Familiejakt
Først kontaktar me både ukrainske og polske arkiv.
Om nokon i familien overlevde krigen, kan det vere at dei reiste heim etter den var over.
Ukjent arving besøkte blant anna verdas største krigsarkiv, som ligg i Tyskland.
Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRKI arkiva finn me litt informasjon, men ikkje det me treng å vite. Derfor engasjerer me ein slektsforskar i Ukraina.
Til og med for han er oppgåva veldig utfordrande.
Den beste sjansen for å finne svar er i dei gamle kyrkjebøkene i Lviv.
Ei side frå ei av kyrkjebøkene. Slektsforskaren har sett gjennom hundrevis av slike bøker.
Men byen er stor, og me veit verken kva nabolag familien budde i, kva religion dei tilhøyrde eller kva slags kyrkje dei brukte.
Dessutan er det ikkje sikkert Tatjana kom frå sjølve byen.
Lviv er også eit fylke, med tusenvis av kyrkjebøker.
Me kan ikkje leite gjennom alle.
Etter å ha leita i mange månadar, måtte me gje opp. Me klarte ikkje finne å familien.
Likevel var ikkje jakta forgjeves.
Det er i denne leitinga me oppdagar dødsannonsen, der namnet til Svanhild Ekrevoll står.
Naboen i Loddefjord i Bergen betydde mykje for Tatjana.
Men ikkje eingong Svanhild visste kor mykje ho faktisk betydde, før ho blei ringt opp av sjukehuset i Tatjana sine siste dagar.
Eit siste farvel
Først blei Svanhild sjokkert og lurte på kvifor dei hadde ringt henne og fortalt at Tatjana var veldig sjuk.
Ho kjente jo ikkje Tatjana noko særleg.
Naboen Svanhild.
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRKDei to hadde blitt litt kjent gjennom Foreningen for funksjonshemmede. Og så budde dei i same blokk.
Ofte slo dei av ein prat på parkeringsplassen, sidan dei hadde bilane ståande ved sidan av kvarandre.
For dei andre naboane var Tatjana ei vanleg dame. Ei som berre var der og ikkje tok mykje plass.
Det finst mange som henne.
Personar som ikkje alltid blir lagt merke til, men som set pris på dei minste handlingane.
Ein kort prat eller eit smil.
Det er ofte ikkje meir som skal til.
Det Svanhild hadde gjort var å legge merke til Tatjana og vise at ho brydde seg.
Når me er på besøk i stua til Svanhild, hugsar ho godt den gongen ho var på besøk hos Tatjana etter gravferda til sonen Steffen.
Ho får tårer i auga når ho snakkar om det.
– Eg trur kanskje det var frå den gongen at ho sette meg opp som nærmaste pårørande.
Etter at ho blei ringt opp av sjukehuset, hadde ho reist for å besøke henne ein siste gong.
Svanhild hugsar godt då Tatjana låg i sjukehussenga. Ho var så dårleg at ho nesten ikkje kunne snakke.
Dei hadde heldt hender. Heile tida hadde Tatjana sett på Svanhild.
Ho var der ei stund, før ho måtte seie adjø.
Nokon dagar seinare døyr Tatjana.
Under dødsannonsen stod namnet til Svanhild.
– Eg syns det såg kaldt ut om det ikkje skulle stå eit einaste namn, difor tillèt eg meg å sette mitt eige namn. For det var ingen andre.
Tatjana fekk aldri sjå familien sin igjen, men ho hadde ei som brydde seg om henne til siste slutt.
Ho hadde Svanhild.
Tatjana og sonen Steffen er lagt til kvile i same grav.
Foto: NRKKva skjedde med arven på 1,5 millionar kroner?
Sjølv om Svanhild var ein av hennar nærmaste, kan ikkje ho arva frå Tatjana.
Om sonen levde, skulle arven ha gått til han. Hadde Steffen hatt barn, ville barna ha fått pengane.
Arv kan også gå til ektefelle eller sambuar med arverett, men Tatjana hadde ingen.
Sidan verken foreldra eller besteforeldra til Tatjana lever, vil dei neste i arverekkja vere søskena hennar.
Finst verken søsken eller etterkomarar av søsken, vil søskenbarna til Tatjana arve henne.
Tatjana hadde ikkje skrive testament, og verken me eller staten klarte å finne arvingar.
Derfor går arven på 1,5 millionar kroner til frivillig arbeid retta mot barn og unge.
Pengane vil bli delt ut av staten i 2023, ti år etter at Tatjana døde.