Hopp til innhold

Får ikkje lov å gi kvinner i rusmiljøet gratis vaksinar

Kommunen trudde dei hadde funne ein smart måte å få brukt vaksinar som skulle bli kasta. Så sette Folkehelseinstituttet foten ned.

HPV Vaksine

UTE AV BRUK: HPV-vaksinar av merket Gardasil blir ikkje lenger nytta i barnevaksinasjonsprogrammet. Har helsestasjonane slike til overs, må dei kasta dei.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Kvart år får alle jenter på 7. trinn tilbod om vaksine mot livmorhalskreft, såkalla HPV-vaksine. Vaksinasjonsprogrammet gjekk nyleg over til vaksinen Cervarix etter ein anbodsrunde, og vaksinar av merket Gardasil skal difor ut av bruk.

Fleire reagerte på at vaksinar kunne bli kasta. No er konklusjonen frå Folkehelseinstituttet klar:

Helsestasjonane må kasta vaksinar av det gamle merket som dei har til overs.

Ruth Marie Donovan er initiativtager for kunstprosjektet i Strax-tunnelen

RUSAVHENGIGE: Høgskulelektor Ruth Marie Donovan meiner andre må få vaksinane. I Bergen har dei delt dei ut gratis til kvinner i rusmiljøet.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Gje vaksinen til andre

I Bergen har ein gitt overskotsvaksinane gratis til kvinner i rusmiljøet.

– Eg er veldig glad for at eg kan få ta vaksinen gratis, og eg synest det er gale at den eigentleg skulle bli hivd, sa Marianne Johnsen til NRK i april.

Ho er ei av nær 40 kvinner i rusmiljøet i Bergen som har fått vaksinen sidan dei starta tilbodet i april.

Initiativtakar Ruth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet er skuffa over avgjerda til Folkehelseinstituttet.

– Det er veldig synd å destruere vaksinar heller enn å gje dei til kvinner som lever i rus. Den gruppa har høgare førekomst av livmorhalskreft.

Ho får støtte av fungerande helsebyråd i Bergen, Erlend Horn (V).

– Smittevernoverlegen vår har sagt at desse vaksinane er fullt brukelege. Då er det sjølvsagt for oss å nytte dei.

HPV Vaksine

UTE AV BRUK: HPV-vaksinar av merket Gardasil blir ikkje lenger nytta i barnevaksinasjonsprogrammet. Har helsestasjonane slike til overs, må dei kasta dei.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Må følgje lova

Avdelingsdirektør Britt Wolden i Folkehelseinstituttet viser til at vaksinane er kjøpt inn til barnevaksinasjonsprogrammet, og at andre grupper difor ikkje skal få dei.

– Dersom andre kommunar tar kontakt vil dei få beskjed om ikkje å gje vaksinane til andre.

– Er det ein har gjort i Bergen innanfor regelverket?

– Nei, det er det ikkje, slår ho fast.

Eg skjønar at ein ønsker maksimal nytte av vaksinane, men vi må følgje dei lovene og forskriftene som gjeld, seier Wolden.

Ho seier dei har presisert fleire gonger at det ein har igjen av Gardasil berre kan givast til jentene som starta vaksinasjonen før hausten 2017.

– Når vi samstundes seier at ein ikkje kan returnere vaksinen til Folkehelseinstituttet, er vår melding veldig klar. Kommunane må destruere vaksinane.

Fleire tusen vaksinar

Overlege og HPV-ekspert Sveinung Wergeland Sørbye ved Universitetssykehuset Nord-Norge meiner det på landsbasis betyr å kaste fleire tusen vaksinar.

– Når ein har vaksinedoser som ikkje blir nytta i barnevaksinasjonsprogrammet, er det ille at dei blir kasta, seier Wergeland.

Integreringsbyråd Erlend Horn (V)

IKKJE SAMD: Byråd Erlend Horn (V) ber helseministeren om å gripe inn, slik at kommunane kan gi overskotsvaksinane til andre grupper.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Skal vaksinane brukast til andre, må det skje før dei går ut på dato i haust. Byråd Erlend Horn (V) meiner helseminister Bent Høie (H) må kome på banen.

– Her treng ein politisk vilje til å skjere igjennom byråkratiet som berre gir ei reint teknisk grunngjeving til å kasta.

Han oppmodar andre kommunar om å gjere som Bergen, og gje overskotsvaksinane til rusavhengige.

– Eg håper også andre kommunar vil følgje Bergen, og gje vaksinane ut gratis dersom ein finn ut at ein har vaksinar til overs.