Totalt vart det selt 12.000 billettar, noko som er 5000 færre billettar enn i fjor. Informasjonssjef for festivalen, Torill Gundersen Faleide, seier det var som venta. - I fjor hadde vi karibisk musikk som tema, og det appellerte nok til eit breiare publikum enn årets tema, seier ho.
- Ikkje dramatisk
Med "Klangar frå det kaspiske hav" som hovudtema hadde vi ikkje rekna med så mange selde billettar som i fjor, og ut frå det er vi godt nøgde med årets festival. Det er ikkje noko dramatisk for festivalen at vi selde færre billettar, det har vi budsjettert med, seier Gundersen Faleide.