– 23 prosent av fansen vår ser kampar på mobiltelefonen. Det betyr at hendene deira er like ved skjermen, og med den nye teknologien kan brukaren trykke og bestemme kva ein vil ha der, forklarar Stephen Hellmuth i National Basketball Association (NBA).
På smarttelefonen han har i hendene følger han med på ein direktesend basketballkamp. Samstundes kan han mellom anna få opp detaljar om spelarane og følgje med på scoringar i andre kampar – alt etter eige ønske.
Teknologien som gjer dette mogleg er utvikla av selskapet Sixty, som heldt til i Bergen.
– Vi begynte å prate med NBA for to år sidan, og har jobba tett saman det siste året, fortel Kjetil Horneland i Sixty.
- Les òg:
Storkontrakt
Appen, som har fått namnet Ease Live, gjer at ein sjølv kan styre kva for ein grafikk ein vil ha over kampane som vert sendt i sanntid.
– Dette gjeld uansett om ein ser på mobil eller brukar annan teknologi. Teknologien er unik, og gjer at ein kan styre si eiga TV-oppleving, seier Horneland.
– Fans i Noreg kan også bruke appen, seier Hellmuth som har kome til Bergen for å delta på ei bransjesamling saman med utviklarane.
SAMARBEIDER: Den nye teknologien, som vart lansert i haust, er denne veka del av bransjearrangementet Nordic Summit 2018 som vert arrangert i Bergen. Her er Stephen Hellmuth frå NBA (t.v.) saman med Kjetil Horneland i Sixty (t.h.)
Foto: Alrik Velsvik / NRKNBA brukar løysinga som ein del av League Pass-plattforma, som er deira globale streamingtilbod for basketball. Avtalen med NBA betyr mykje for bergensfirmaet.
– Eg kan ikkje seie noko om storleiken på avtalen, men NBA er ein fantastisk kunde å ha som vår første globale lansering. Dei representerer ein av dei mest innovative sportsligaene i verda. Dette er ein draumesituasjon for oss, seier Horneland.
– Banebrytande
Hellmuth fortel at NBA gjorde grundige vurderingar før dei valde å satse på selskapet i vesle Noreg.
– Då vi fann Sixty prata vi mykje med dei og testa lidenskapen deira og interessa for teknologien. Vi er godt nøgde, dette er banebrytande teknologi.
- Les òg:
Bergensselskapet, som tidlegare har jobba mellom anna for TV2, Altibox og RiksTV, har allereie lang erfaring.
– Det vi heldt på med no er ei samansmelting av den interaktive TV-verda og den moderne grafikkverda, seier Horneland.
Godt samarbeid, trass avstand
Ifølge dei to har responsen vore god.
– Vi skal framleis samle inn tilbakemeldingar om kva brukarane ønskar. Eg trur dette kjem til å bli veldig populært, fordi ein kan personifisere måten å sjå kampar på. Det er eit gjennombrot, seier Hellmuth.
STOR LIGA: National Basketball Association (NBA) er ein nordamerikansk eliteserie i profesjonell basketball, som omfattar 30 lag fordelt på to avdelingar – kvar med tre likestilte divisjonar.
Foto: EZRA SHAW / AFPAmerikanaren synest heller ikkje det er eit problem at samarbeidspartnaren sit i Bergen – over 5600 kilometer i luftlinje frå New York.
– Det vert ein del intense telefonsamtalar, og nordmennene må ofte jobbe heile natta. Men vi fortset utviklinga, ler Hellmuth.