Hopp til innhold

Navarsete opnar for kabel

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete seier sjøkabel kan vere aktuelt i Sogn og Fjordane.

Kraftlinje Sogn - Sunnmøre

Kraftlinja som vil strekke seg frå Sunnmøre til Sogn og Fjordane er planlagt som høgspentlinje. Men Liv Signe Navarsete held døra på gløtt for sjøkabel på deler av linja.

Foto: Statnett

Medan Statnett avviser kabling, seier Senterpartileiar Liv Signe Navarsete at sjøkabel kan vere aktuelt for delar av kraftlina mellom Ørskog-Fardal.

- Må ha dialog

Olje- og energiminister Terje Riis Johansen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Olje- og energiminister Terje Riis Johansen og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har måtte tole hard kritikk av motstandarane av kraftlinja i Hardanger i sommar.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix
Synfaring - kraftlinja mellom Ørskog og Fardal

Her folk på synfaring der kraftlinja mellom Ørskog og Fardal vil kome.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
Sjøkabel ilandføres

Slik ser ein sjøkabel ut.

Foto: Statnett

- Det er viktig at vi har dialog med lokalsamfunna som vert påverka av kraftlinja gjennom Sogn og Fjordane og Sunnmøre, seier Navarsete til Firda.

Ho seier til avisa at regjeringa må vere opne for å få finne gode løysingar. Fleire vil ha sjøkabel i stadenfor høgspentmaster frå Fardal til Ørskog, og Navarsete er open for å lytte til folket.

Vil tilpasse seg

- Vi må vere opne for å finne gode løysingar og tilpassingar.

Navarsete avviser at Senterpartiet skal ha kjempa hardt for å få kraftlina i Hardanger lagt i luftspenn.

- Vi gjorde berre vurderingar utifrå dei faglege råda frå Statnett og NVE, seier ho.

Stola på ekspertane

Senterpartileiaren påpeikar at det er viktig å ha tillit til dei offentlege instansane som har Norges beste kompetanse på feltet.

- Det faktagrunnlaget som låg føre sa oss at luftspenn var det beste alternativet.