Hopp til innhold

Småkraftbransjen imot sjøkabel

-Uheldig for småkraftbransjen om kraftlina mellom Sunnmøre og Sogn blir lagt i sjøkabel, ifølge bransjen sjølv.

Kraftlinjer
Foto: Colourbox.com

- Det vil vere svært uheldig for småkraftbransjen om den planlagde kraftlina mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn blir lagt i sjøkabel.

Det seier Rein Husebø, administrerande direktør i Småkraft AS.

- Dyrt

Husebø viser til at ein sjøkabel vil gje langt færre tilkoplingspunkt og at det vil bli svært fordyrande for dei små kraftprodusentane.

- I Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal er det full tilkoblingsstans for småkraftverk, og derfor er det viktig at vi får ei løysing på desse linjene, ifølge Husebø.

- Om dei blir sett på vent, eller utsett vil denne tilkoblingsstansen vare enda lengre, og det vil vere alvorleg for dei som har småkraftverk. Om ein vurderer sjøkabel over lange strekningar, så vil ein og miste ein del tilkoblingspunkt som småkraftbransjen er avhwengige for å få kobla seg på.

Vil ha linja i luftspenn

- Kva konsekvensar får det for småkraftbransjen?

- Konsekvensen blir at ein ikkje får kobla på så mykje småkraft som er mogleg som når den går på land.

- Vi må ha ei løysing raskt, seier Husebø, som ønskjer kraftlinja lagt i luftspenn.