Hopp til innhold

Rullestolbrukarar har sete fast i andreetasjen i to veker

Pårørande fortviler etter at åtte bebuarar ved omsorgssenteret i Naustdal ikkje har kunna komme seg ned på bakkenivå på to veker.

Naustdal omsorgssenter heisproblem

NAUSTDAL OMSORGSSENTER: Ein øydelagd heis gjer at 8 bebuarar ved omsorgssenteret i Naustdal har sete fast i andre etasje i to veker.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ein øydelagd heis og ei forseinka levering gjer at fleire bebuarar ved omsorgssenteret i Naustdal har sete fast i andre etasje i to veker.

Åtte av bebuarane er rullestolbrukarar og har ikkje sjanse til å nytte seg av trappa.

Om dette hadde skjedd på rådhuset, så hadde heisen vore reparert for lengst, seier ein av dei pårørande til Firda.

Sunnfjord-avisa var den første som omtalte leveringsvanskane.

Saka er til sjenanse for kommunen, som skuldar på «leveringsvanskar».

Naustdal omsorgssenter heisproblem

Ein øydelagd heis gjer at 8 bebuarar ved omsorgssenteret i Naustdal har sete fast i andre etasje i to veker.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dei er naturlegvis fortvilt over situasjonen

Einingsleiar ved Naustdal omsorgssenter, Renate Kvalstad, seier ho er frustrert og lei seg over situasjonen, og at dei prøver å gi brukarane så gode dagar som mogleg innan heisen blir reparert.

17. mai opna dei vindauga slik at rullestolbrukarane kunne sjå toga frå avstand.

Kva tilbakemeldingar har de fått frå bebuarane og dei pårørande?

Dei er naturlegvis fortvilt over situasjonen. Spesielt nå som det har vore langhelg og så fint vêr. Så dei synest det er trasig, og det er heilt forståeleg.

Naustdal omsorgssenter heisproblem

17. mai måtte rullestolbrukarane sjå Naustdal-toget frå avstand.

Foto: Steinar Lote / NRK

Konstituert leiar for bygg og eigedom i Sunnfjord kommune, Dag Inge Roska, svarer at kommunen gjer det dei kan for å ordne problemet og at den forseinka heis-delen er venta «innan kort tid».

Dei lovar vidare at saka er hasteprioritert og at reparasjonen vil «skje på timen» når delen er framme.

Renate Kvalstad synest det er leitt at dei fine mai-dagane har rasa forbi utan at bebuarane har hatt moglegheit til å kose seg ute i hagen.

Men nå er siste oppdatering at delen er på veg, og at vi har han innan kort tid. Så nå håpar eg at det nærmar seg ei løysing.

Naustdal omsorgssenter heisproblem

Åtte av bebuarane er rullestolbrukarar og har ikkje sjanse til å nytte seg av trappa.

Foto: Steinar Lote / NRK

Les også Her har Rachels svigerfar ligget på vent i over 100 dager

Sykeseng på Stokmarknes sykehus