Hopp til innhold

Naudetatane rykte ut til feil kommune

SANDE I SUNNFJORD (NRK): Då den unge mannen kolliderte i morgontimane sendte operasjonssentralen politi og ambulanse. Problemet var at dei sendte dei til feil stad og feil kommune.

Trafikkuhell på Sande i Gaular

KØYRDE I EIT TRE: Denne bilen køyrde inn i eit tre på Sande i Gaular.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Det var rundt klokka 07.40 at politiet meldte at ein bil hadde køyrt inn i eit tre ved kyrkja i Førde. Det synte seg etter ei stund at det var i nabokommunen Gaular det hadde skjedd. Naudetatane bomma med 23 kilometer.

– Naudetatane rykte ut til Førde kyrkje, men det synte seg ganske fort at det var tale om Sande kyrkje i gaular, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Lars Geitle.

Korleis kunne det skje?

– Det var ei misforståing knytt til kor uhellet hadde vore. Det vart oppfatta som Førde kyrkje, men det gjekk berre nokre minutt før det vart oppklart.

Som ein ser på biletet fekk bilen som køyrde inn i eit tre store skadar, men føraren av bilen er lettare skadd. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Naudetatar i Førde

PÅ VILLE VEGAR: Her er naudetatane på leit etter eit trafikkuhell i nærleiken av Førde kyrkje, men det skulle snart syne seg at det var på feil stad.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Trur ikkje feilen har hatt noko å seie

Det var operasjonssentralen til politiet i Bergen som fekk inn meldinga. Etter at Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt vart slått saman til Vest politidistrikt, har det kome fleire klagar på at det er vanskeleg å få kontakt med dei.

Det gjekk 16 minutt frå politiet meldt om uhellet ved Førde kyrkje, til dei kom ut med ei retting der dei presiserte at det var tale om Sande kyrkje.

– Men dei minutta har ikkje hatt noko å seie.

– Men om det hadde vore ei alvorleg ulukke der folk var kritisk skadde, kunne dei minutta ha vore viktige?

– Ja, det kan du sei. Men det er no ein gong slik at i eit hektisk meldingsmottak er det ikkje alltid vi har rett stad med ein gong, seier Geitle.