NRK Meny
Normal

Ringer ho 02800 kan det bli dyrt – og det er ikkje ein gang sikkert at Marit får svar

– Det er for dårleg. Politiet frontar og vil vi skal ringe 02800, men det er også eit nummer som er dyrare enn andre å ringe om du får svar eller ikkje, seier Marit Solveig Nedrebø.

Marit Solveig Nedrebø

UNDRAR: Naudnummera og legevakta er gratis å ringe. Men ikkje nummeret politiet ynskjer ein skal ringe for mindre akutte situasjonar. – No er det ikkje berre i Sogn og Fjordane ein ferdast og då spørst det kvar som blir næraste lensmannskontor. Og har dei ope? Er det folk der, seier Marit Solveig Nedrebø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Som yrkessjåfør og helsearbeidar risikerer Marit Solveig Nedrebø ofte å kome over hendingar som må varslast.

Også mindre alvorlege hendingar, som det kostar å varsle politiet om.

– Ved eitt høve tok det for det første lang tid å berre få plassert Jølster på kartet. Men av oppringinga på 20–30 minuttar, så snakka vi kanskje i to-tre minuttar. Resten var ventetid, seier ho.

Må betale

Den ventetida må Nedrebø som innringar betale for. For medan naudnummera 110 (Brann), 112 (Politi) og 113 (Helse) er gratis å ringe, kostar det ifølgje politiet mellom 0,99 og 2,99 kroner per starta minutt å ringe 02800. I tillegg kjem startprisen.

Også legevaktnummeret 116117 er gratis å ringe.

Nedrebø har forståing for at politiet må prioritere mellom hendingane, men:

– Får ikkje folk hjelp, ikkje har nok teljarsteg på telefonkortet eller har dårleg råd, så kan det vere folk som ikkje ringer fordi det kostar, seier Nedrebø.

Mange opplever kø

Gustav Landro, Vest politidistrikt

FORSTÅING: Stabssjef Gunnar Landro.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Nedrebø er ikkje åleine. I Bergen er stabssjef Gustav Landro godt kjend med problema. Han lovar betring .

Politidirektoratet opplyser at 02800 er dyrare fordi tenesta automatisk dirigerer telefonen til eit sentralbord eller operasjonssentralen nærast innringar.

EU-domstolane bestemte i fjor at selskap ikkje lenger får bruke kostbare spesialnummer, som femsifra, til kundeservice. Reglane gjeld ikkje for det offentlege.

Politidirektoratet viser til Vest politidistrikt for kommentarar. Stabssjef Landro forstår frustrasjonen hos innringarar og seier at det kan kome ei løysing.

– Samferdsledepartementet gav i fjor Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag å sjå på moglegheitene for styresmaktene å setje makspris på slike spesialnummer, seier han.

Dyraste politikontakten

Landro seier det vil vere ynskjeleg.

– Det er ein fordel for oss at folk ikkje blir økonomisk belasta ved å ringe politiet og at nummera blir brukt slik som dei er tenkt. Då kan ein unngå at dei som vil ringe gratis, ringer 112, seier han.

Naudnummera skal berre nyttast ved naud og behov for snarleg hjelp. Og det er billegare å ringe direkte til eit av lensmannskontora.

– Ring om du er i tvil

Etter politireforma har ikkje alle kommunar eige lensmannskontor lenger. Ei anna utfordring kan også vere mobilnett til å kunne søke opp næraste lensmannskontor.

– Står det ikkje om liv, så må ein i enkelte tilfelle vente. Er ein usikker på om det kan stå om liv om ei stund, så skal ein ikkje vere i tvil: Då ringer ein 112. Politiet er der for å yte teneste til dei som treng det, seier Landro.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote