Hopp til innhold

Naudetatane måtte bruke mobil-telefon - no er naudnettet tilbake

Ambulanse, brannvesen og politi i Aurland kan igjen kommunisere over naudnettet. Sidan natt til tysdag har det interne sambandet over naudnettet lege nede.

Lyn og torden

UVÊR SLO UT NAUDNETTET: Det interne sambandet mellom naudetatane i Aurland kommune er no oppe å gå igjen. Natt til tysdag vart naudnettet i kommunen slått ut av uvêr.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

Etter uvêret natt til tysdag har det blitt jobba på spreng for å få naudnettet i Aurland opp å gå igjen. Lyn og torevêr slo ut fleire trafostasjonar i kommunen, noko som også førte til at naudnettet låg nede.

Det vart etter kvart ordna slik at folk kunne ringe til naudnummera 110, 112 og 113 som vanleg, men den interne kommunikasjonen mellom mannskapa i naudetatane har det vore verre med.

I staden for å kommunisere over naudnettet har mannskapet måtte bruke mobiltelefonar. Torsdag ettermiddag vart problema med naudnettet endeleg ordna.

Ein hadde då funne ein linjefeil på basen, og Telenor har vore på staden og ordna dette.