Hopp til innhold

Naudnettet er framleis nede

Den interne kommunikasjonen mellom naudetatane i Aurland er framleis nede. Det har vore nede sidan natt til tysdag.

Lyn og torden (Arkivfoto)

SLO UT NAUDNETTET: I løpet av natta har uvêr ført til store problem i Aurland.

Foto: Dag O. Bollingmo

Eit veldig uvêr herja i Aurland i natt og har slått ut både radio, tv og internett i delar av kommunen, skriv Sogn Avis. I tillegg slo lyn og tore ut naudnettet til 110, 112 og 113, opplyser kommunen på sine heimesider.

Tenesteleiar ved kommunal driftseining, Reinhardt Sørensen, seier til Sogn Avis at dei no går på eit naudsamband og at folk no skal kome gjennom til naudetatane på vanlege nummer.

Men dersom brannvesen, politi og ambulanse må rykkje ut til for eksempel ei trafikkulukke på den sterkt trafikkerte E16, kan dei ikkje kommunisere som normalt med kvarandre.

I staden må dei kommunisere med kvarandre via mobiltelefon, forklarar Sørensen til NRK.no. Han vil ikkje karakterisere situasjonen som kritisk, men seier dette er utfordrande.

– Viss det skjer ei trafikkulukke kan det også bli mykje bilar i området. Dersom det blir mykje trafikk på mobilnettet kan også dette nettet dette ned, så situasjonen er utfordrande, seier Sørensen til NRK.no.

– Vi har også gjort klar til å setje opp flyttbare basestasjonar, men det beste er at vi får opp att det vanlege naudsambandet, seier han.

Det vart jobba på spreng for å dei fem trafostasjonane som no er ute opp å gå. Sørensen sa tidlegare i dag at han håpte det skulle vere opp og gå att i løpet av arbeidsdagen tysdag.

Tysdag kveld opplyser Sørensen om at det er funne feil på ein ny trafostasjon, og at dei vil prøve å få alt ordna i løpet av onsdag føremiddag.