Snart to døgn etter at lyn og torevêr slo ut naudnettet i kommunen må naudetatane framleis kommunisere med kvarandre via mobiltelefon, opplyser Reinhardt Sørensen som er tenesteleiar ved kommunal driftseining til NRK.no.
– Det er heilt klart eit problem når nettet ikkje fungerer ordentleg, seier Sørensen.
Må bruke mobiltelefon
Det fryktelege uvêret i Aurland natt til tysdag slo ut fleire transformatorar og førte til at fleire innbyggjarar vart utan internett, TV og radio. Nokre var også utan straum i ein kortare periode. Alt dette skal no vere i orden, seier Sørensen.
- LES OGSÅ:
Det mest alvorlege problemet etter uvêret er at naudsambandet til 110, 112 og 113 vart slått ut. Det har blitt jobba på spreng sidan tysdag morgon for å rette opp feilen, men framleis er nettet nede.
Folk som ringer naudnummera vil få kontakt med alarmsentralane. Men problemet oppstår når varsling skal gå vidare til brannvesen, politi og ambulanse i Aurland og mannskap frå naudetatane skal kommunisere seg imellom.
– Alarmen som blir sendt ut via naudnettet går til vanleg i 30 sekund, og så får ein høyre kva det er som har skjedd. Men no går alarmen berre i fem sekund, og det er ikkje mogleg å få ut tale via naudnettet.
– Dermed går alarmen, men folk som får den veit ikkje kva som har skjedd, forklarar Sørensen.
Har med seg mobile basestasjonar
Mannskapet i naudetatane må i staden kommunisere med kvarandre via mobiltelefon. Det kan vere ei utfordring, seier Sørensen og viser til at dersom det skjer til dømes ei trafikkulukke, så kan det fort bli mykje trafikk på mobilnettet.
Den sterkt trafikkerte E16 går gjennom Aurland og det er no i sommarmånadene mykje turistar i området.
– Mykje trafikk på mobilnettet kan føre til at også dette ramlar ned i området, seier Sørensen.
– Brannvesenet har no med seg mobile basestasjonar, slik at vi er sikra at vi kan ha samband via telefon om noko skulle skje.
Feil på basen
Sørensen seier det no er straum på basestasjonen som forsyner naudnettet, men at ein likevel ikkje har fått nettet opp å gå. Kommunen har no varsla AMK ved sentralsjukehuset i Førde som jobbar vidare med å finne ut kva som er gale.
NRK.no får opplyst ved AMK at det blir jobba med å finne feilen og at ein etter feilsøking no veit at feilen ligg på basen. Ein teknikar vil reise til basen så snart som mogleg for å rette feilen.
- LES OGSÅ: