Hopp til innhold

Nasjonalt senter for trehusbusetnad

– Lærdal kan bli eit nasjonalt senter for trehus-busetnad. Det seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim

Brannstasjonen i Lærdal

UNIKT TREHUSMILJØ: Lærdal vil bli nasjonalt senter for trehusbusetnad

Foto: Jan Christian Jerving

Snart to veker har gått sidan storbrannen på Lærdalsøyri som tok med seg 40 bygningar. Tre av desse var verneverdige trehus.

– Lærdal har med sine trehus god grunn til å bli eit senter for slike hus også nasjonalt, seier Solheim.

Solheim seier trehusmiljøet på Lærdaløyri er unikt, og treng bevaring og registrering.

Jan Geir Solheim

SET FOKUS PÅ TREHUSMILJØ: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Eg ser ikkje vekk frå at eit forslag frå Lærdal kan bli at vi skal vere eit nasjonalt senter for registrering og bevaring av trehusmiljø i heile Norge.

Dersom ein ser vekk frå alt det triste, så har jo brannen òg ført til at trehusmiljøet på Lærdalsøyri har blitt betre kjent og omtalt: Kan de ha ein effekt også for kommunen?

– Det håpar eg. Men det har jo òg sett fokus på trehus i heile landet. Vi har svært mykje verna bygningar i dette landet, og dei er utsette for brannfare og då må vi gjere noko med det.