Nasjonale superdatamaskiner skal inn i gruver

Dei tidlegare gruvene i Lefdal er omgjorde til datasenter. No skal dei huse superdatamaskiner som gjer utrekningar for forskingsmiljøa i Noreg.

Lefdal Mine Datacenter (LMD) skal huse nasjonale superdatamaskiner og lagringssystem.

I FJELLET: Superdatamaskinene skal plasserast i gangane i gamle Lefdal gruve. F.v.: Helge Stranden, Truls Mathiassen, Vidar Saltkjel, Kristian Todal og Jørn Skaane.

Foto: Sigma2

I fylgje Kunnskapsdepartementet har kontrakten ein verdi på fleire titals millionar kroner.

– Behovet for reknekapasitet og lagringstenester er stadig aukande. Dette datasenteret er ein viktig byggekloss for å støtte infrastruktur til forsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Allereie i 2022 flyttar det nasjonale lagringssystemet NIRD inn, før fyrste superdatamaskin er forventa på plass i løpet av 2023.

Reknar ut R-tal

Den nasjonale e-infrastrukturen er gjort tilgjengeleg for alle forskingsinstitusjonar i Noreg.

Ei superdatamaskin kan forklarast som ei samankopling av fleire datamaskiner, som har veldig stor kapasitet til å gjere kompliserte utrekningar og simuleringar.

Gruvegangane i Lefdal Mine Datacenter

STORE DIMENSJONAR: Arealet i gruvehallane svarar til 18 fotballbanar.

Foto: Lefdal Mine Datacenter

Norske klimaforskarar har tidlegare nytta denne til simuleringar til FNs nye klimarapport, og FHI har brukt det til utrekningar av R-tal, smittespreiing og vaksineeffekt under pandemien.

Eigar av infrastrukturen er det statlege aksjeselskapet Sigma2.

Dette selskapet samarbeider med universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og NTNU i Trondheim om å gjere utrekningskapasiteten tilgjengeleg for forsking og høgare utdanning.

I dag er det nasjonale dataanlegget plassert i Trondheim og Tromsø.

Vil føre til lokal verdiskaping

Administrerande direktør i Lefdal Data Minecenter, Jørn Skaane, er nøgd med kontrakten.

Han seier dette er eit stadfesting på mange års hardt arbeid i Nordfjord-regionen.

– Å vinne anbod av ein slik storleik er motiverande, særskilt ved at vi no inngår samarbeid med offentleg sektor.

Han seier til NRK at etableringa vil syte for nye tilsette både i deira verksemd og ha ringverknader i lokalt næringsliv.

– Anbodet inneber ei tilpassing av våre hallar her til deira behov, slik at vi treng å nytte oss av entreprenørar til mellom anna elektro- og røyrarbeid, seier Skaane.

Gamal gruve husar teknologi for framtida

Lefdal Mine Center opna i 2017, og var då Nord-Europas største datasenter. Det ligg i gamle Lefdal gruve mellom Måløy og Nordfjordeid i Vestland fylke. Tidlegare har gruva vore nytta til utvinning av mineralet olivin.

Datasenteret strekker seg over 120.000 kvadratmeter fordelt på fleire plan i fjellet.

CeBIT. Lefdal Mine Datasenter

GRUVEGANGAR: Denne modellen syner kor stort senteret i Lefdal faktisk er, samanlikna med Fridomsgudina, eit fly og ein bil.

Til topps i anbodskonkurransen

Lefdal Mine Datacenter vann anbodskonkurransen med eit tilbod som fekk høgast score på teknisk, miljømessig og sosial vurdering. Sistnemnde legg mellom anna vekt på lokal arbeidskraft og råvarer.

Totalt sju datasenter vart inviterte til å delta i anbodsrunden.

– Dette er eit godt døme på korleis offentlege aktørar kan inngå i samarbeid med næringslivet, seier Borten Moe.

Statsråden utdjupar i pressemeldinga at etableringa er med på å rigge Noreg for ei teknologisk framtid, samstundes som ein nyttar seg av regionale konkurransefortrinn og næringsliv.

DATASENTER: Lefdal Mine Center ligg mellom Måløy og Nordfjordeid.