Narkomane lærer livredning

Rusmisbrukarar i Bergen opplever nesten dagleg at nokon tar overdose. No lærer dei korleis dei kan redda liva til kvarandre.

Video Rusbrukarar lærer førstehjelp

Rusmisbrukarane i Nygårdsparken fekk læra skilnaden på livredning ved hjartestans og ved overdose måndag.

Dag Erik Arnesen legg øyra ned mot munnen og trykkjer lett på brystkassa.

- Han her er det ikkje mykje pust i. Då byrjar eg med to pust, seier han blæs luft inn i munnen til plastdukka.

Arnesen er ein av fleire rusmisbrukarar i Bergen som i dag får opplæring i førstehjelp.

- Det er eit kjempetilbod, for her skjer det jo overdoser nesten dagleg. Då er det viktig at folk kan førstehjelp, seier han.

Størst behov

Og det var nettopp dette arrangørane ynskte: å gje eit tilbod der behovet er størst. Måndag stilte gatemagasinet Megafon og nokre medisinstudentar opp i Nygårdsparken med plastdukker, førstehjelpsutstyr og lappar med informasjon om korleis ein utfører livredning. Målet er å hindra nye overdosedødsfall.

Silje Alvsaker

Silje Alvsaker i Megafon meiner behovet for å læra førstehjelp er størst hos rusmisbrukarane.

Foto: Jørgen Eide

- Det er først og fremst her overdosane skjer. Dei står oppi situasjonar nesten kvar einaste dag. Det er desse som må kunna førstehjelp. Det er rusmisbrukarane som kan redda liv, seier Silje Alvsaker i Megafon.

Ulike typar livredning

På kurset lærer rusmisbrukarane skilnad på livredning ved hjartestans og ved overdose. Det synest Ruth Terese Kvinge er ekstra bra.

- Hadde eg ikkje lært det, så hadde eg gjerne berre byrja med hjartekompresjonar og gjort litt førstehjelp som ikkje er den heilt rette. Så det er fint å læra korleis me skal gjera det, seier ho, som fleire gonger har opplevd at både ho og vener har tatt overdose.

Saknar meir interesse

Sjølv om mange var med på livredningskurset i Nygårdsparken måndag, skulle Arnesen ynskje fleire ville ha tatt imot tilbodet

- Eg trur ikkje alle tenkjer over kor viktig det er, men neste gong kan det vera dei sjølve som ligg der. Så det er dumt at ikkje fleire interesserer seg, seier han.

Førstehjelp for narkomane

Ruth Terese Kvinge er ein av dei som fekk læra førstehjelp i Nygårdsparken i Bergen måndag.

Foto: Jørgen Eide