Elevar og lærarar fekk seg ein støkk då dei opna skapa på skulekjøkkenet på onsdag. Mus hadde forsynt seg av matlageret og vore innom mjølskapet.
Leiar i Foreldras arbeidsutval - FAU, Reidar Moldestad seier at skadedyr er eit stort problem for skulen. Det gamle skulebygget har hatt besøk av mus før, men dette er fyrste gong ein har hatt mus på kjøkkenet.
No vert kjøkkenskapa tømt og maten vert erstatta med musefeller.