Hopp til innhold

Ole Torjusson Svanøe var med på å skrive under Grunnlova i november 1814

Ole Torjusson Svanøe frå Svanøy i noverande Flora kommune vart vald til det første Stortinget og var mellom dei som skreiv under Grunnlova i november 1814.

Ole Torjussen Svanøe og Svanøy hovudgard

STORTINGSMANN OG HAUGIANAR: Ole Torjusson Svanøe tok over Svanøy i 1804 og møtte på Stortinget ti år seinare.

Foto: Kjell Arvid Stølen/måleri

Svanøe (1778-1859) heitte eigentleg Ole Torjusson Helling og var odelsgut til garden Helling i Ål i Hallingdal. Men han var mellom dei som fylgde og såg opp til Hans Nielsen Hauge , og denne sytte for at han fekk kjøpe Svanøy-godset i 1804, fortel Ole Svanøe.

– Hauge plasserte sine haugianarvener rundt omkring på strategiske plassar i Norge slik at dei fekk solid innverknad. Ole Torjusson Helling selde odelsgarden i Ål til bror sin og brukte pengane til å kjøpe Svanøy hovedgård.

Ole Svanøe er dagens eigar av Svanøy og er tipp-tippoldebarnet til Ole Torjusson Svanøe. Han trur ikkje det var tilfeldig at forfaren vart vald inn på Stortinget.

– Det var slik at det var betydelege folk i landet og i distrikta som vart valde. Han hadde då alt markert seg veldig sterkt i haugianarrørsla frå 1804.

Ola Svanøe med husskøyt på Svanøy

TIPP-TIPPOLDEBARNET: Ole Svanøe er dagens eigar av Svanøy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Underskriftene frå 1814 på veggen

Ole Torjusson Svanøe var ikkje mellom dei tre som vart valde som utsendingar frå Nordre Bergenhus Amt 30. mars 1814 og som møtte på Eidsvoll den 10. april. Derimot vart han altså vald som stortingsrepresentant og møtte hausten 1814.

Der var han med på å underteikne den endelege versjonen av Grunnlova den 4. november. På ein vegg i hovudhuset på Svanøy heng Grunnlova med underskriftene, fortel Svanøe.

– Det heng ein original frå underskrifta på novembersamlinga. Kvar stortingsrepresentant fekk ein original med alle underskriftene.

Seinare møtte Ole Torjusson Svanøe som stortingsrepresentant både i 1821, 1824, 1827, 1836 og 1842.

Heime på Svanøy var han svært driftig. Han bygde sagbruk og skipsverft og hadde eigne fiskebåtar og jekter. Etter oppmoding frå Hans Nielsen Hauge bygde han saltkokeri ved Svanøybukta i 1809.