Hopp til innhold

Båten som frakta Eidsvollmenn frå Bergen til Lærdal var bygd på Svanøy

Båten som i desse dagar fraktar folk frå Bergen til Lærdalsøyri er ein kopi av båten «Enigheden», bygd på Svanøy på 1770-talet.

"Enigheden" ved Sygnefest

KOPIEN: «Enigheden» med god bør ved Sygnefest på veg inn Sognefjorden.

Foto: Liv Bjerknes

Det var med «Enigheden» dei reiste, dei fem grunnlovsmennene frå Bergen, i mars 1814. Ein av dei, Fredrik Meltzer, skreiv dagbok frå turen.

No er Bergen kystlag i gang med ein reprise av denne ferda. Båten dei ror er ein såkalla replika, eller kopi, av båten frå 1814. Men originalen vart bygd på Svanøy, fortel dagens eigar av Svanøy gard, Ole Svanøe.

– Det stemmer. Det var eit båtbyggeri på Svanøy også på den tida, og der skal den vere bygd. Då Hans Nielsen Hauge kjøpte Svanøy til min tipp-tippoldefar i 1804, kjøpte han godset av Herman Dietrich Janson, som også eigde Damsgård hovedgård i Bergen.

Bygd på Jekteholmen som lystbåt

Det var Janson som eigde båten «Enigheden», og som i 1814 lånte den ut til dei fem utsendingane frå Søndre Bergenhus Amt som skulle til Eidsvoll. Å kome seg frå Bergen til Austlandet på den tida var tungvint og tidkrevjande, og dei valde å ta båten til Lærdalsøyri, og deretter ta landevegen over Filefjellet og nedover Valdres og til Eidsvoll.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jekteholmen med Svanøy Røykeri

HER VART BÅTEN BYGD: Jekteholmen på Svanøy, der Svanøy Røykeri sitt nybygg er reist.

Foto: Ole Svanøe

Ole Svanøe meiner båten var bygd på Jekteholmen på Svanøy på 1770-talet , og at han heilt frå starten hadde namnet «Enigheden».

– Den var bygd som ein lystbåt , og Janson brukte truleg båten når han tok med seg familien og besøkte Svanøy, som på ein måte var «landstedet» hans. Janson var ein rik mann, så han hadde nok råd til ein så stor båt.

(Artikkelen held fram under biletet).

Selde Svanøy til haugianar

Herman Dietrich Janson eigde Svanøy frå 1788 til 1804. Då selde han godset til haugianaren Ole Torjussen Helling frå Ål i Hallingdal, med Hans Nielsen Hauge som mellommann. Helling bytte etternamn til Svanøe og sette i gang ei rekkje tiltak på øya. Han vart og vald til stortingsmann på det første Stortinget hausten 1814.

(Artikkelen held fram under biletet).

Svanøy Hovudgard med Ole Svanøe i framgrunnen

EIGDE SVANØY: Eigaren av «Enigheden» eigde også Svanøy ein periode, fortel dagens eigar, Ole Svanøe.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Originalen øydelagd i brann

Ole Svanøe har ikkje sett kopien av «Enigheden», anna enn på foto og på TV.

Originalen var på museum i Bergen til 1940, då ein brann som fylgje av krigshandlingar øydela den.

– Men heldigvis hadde dei nøyaktige konstruksjonsteikningar av båten og som replikaen som no blir rodd inn Sognefjorden vart bygd etter.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kystlaget i Bergen sin båt Enigheten

VED KAI I BERGEN: «Enigheden» før avreisa frå Bergen til Lærdal.

Foto: Helene Vassbotten Lervik / NRK

Jubileumsturen med «Enigheden» starta frå Vågen i Bergen tysdag føremiddag. Etter planen skal båten vere framme ved Løytnantsbryggja på Lærdalsøyri på ettermiddagen i morgon, fredag 28. mars. I Lærdal blir det etterpå eit arrangement i kulturhuset, med vising av filmen «Vegen vidare».

Vengebåt

«Enigheden» var ein av fleire skyssbåtar som vart produsert på Svanøy. På dei store båtane var det ein kahytt akter, ein veng. Denne ga båten namnet vengebåt. Det var helst embetsmenn og anna fint folk som nyttiggjorde seg vengebåtane.

«Enigheden» har også vorte kalla Eidsvollsbåten. Det var truleg kammerråd og fut over Nordfjord og Sunnfjord, Hans Thiis Nagel, som fekk båten bygd kring 1770. Han kjøpte Svanøe Hovedgård i 1749.

(Artikkelen held fram under biletet).

Enigheden (originalen)foto frå 1880-talet

ORIGINALEN: På dette biletet frå 1880-talet ser vi den originale «Enigheden».

Foto: K. Knudsen

Båten var medgift

Sonen hans, Jens Worm Nagel, overtok både embetet og garden etter faren. Då Jens Worm Nagel døydde barnlaus, gifte enka seg med Herman Dietrich Janson. Han eigde og var busett på Damsgård Hovedgård i Bergen.

Enka flytte no dit, og vengebåten var medgifta hennar. Janson var ein av Bergens rikaste kjøpmenn, og Damsgård er Bergens flottaste lystgard.

I 1814 vart «Enigheden» lånt ut til fem av delegatane frå Bergen som skulle til riksforsamlinga på Eidsvoll. Reisa starta i Bergen 25. mars, og dei var framme på Lærdalsøyra vel tre døgn seinare, ein distanse på 100 nautiske mil.

Seinare vart båten overteke av Bergen museum som så ga den vidare til Gamle Bergen. Medan båten venta på å komme på plass, brann boden den stod i ned. Vengebåten vart totalskadd. I 1993 vart det bygd ein replika av båten.