Hopp til innhold

Kvinne begravd av snøskred

Den kvinnelege bilisten i 20-åra slapp frå det med skrekken då ho fredag kveld fekk eit snøskred over seg ved Haukåtunnelen i Flora.

Ras ved Nordalsfjorden

Inne i dette snøraset står det ein bil.

Foto: Privat

Les også: Lå under ras i over en time

Bilen vart dekt av eit fleire meter høgt lag med snø ved Haukåtunnelen.

- Vi kom seks-sju bilar etter at raset hadde gått. Du såg ikkje at det var bil i raset, fortel ein bilist som kom til staden under eit minutt etter raset som gjekk i 18.30-tida fredag.

- Sjokkert

Mesta var på staden i samband med eitt av dei mange mindre snøskreda i området, og fekk raskt gravd fram både bilen og kvinna. I nær 20 minutt sat kvinna hjelpeslaust begravd i snømassane.

- Kvinna var naturleg nok sjokkert, men sa ho var i fin form elles, fortel bilisten til NRK.

- Eg fekk sjokk

Dagleg leiar ved Brødrene Mundal i Svelgen, Tor Olav Halse, hadde nett rydda vekk fleire småras og skulle sjå til at bilane kom seg trygt gjennom då skredet gjekk. Då han vart merksam på at det truleg var bil i skredet, handla han.

- Eg fekk sjokk då eg såg kva som hadde skjedd. I slike dramatiske situasjonar rekk du ikkje å tenke. Du må berre finne bilen og få ut folka, fortel han.

Forskremt

Halse har aldri opplevd at det har gått ras der tidlegare. Han fortel at det i løpet av få timar i ettermiddag gjekk mellom fem og sju ras. Det siste dekte tre fjerdedelar av opninga på tunnelen.

- Det gjekk heldigvis bra. Det kom ei ung forskremt jente ut, og ho hadde ein katt med seg som vi fekk ut til henne. Fysisk hadde ho det bra, men det var nok verre psykisk, fortel Halse.

- Våga ikkje meir

Kjelder NRK har snakka med fortel at bilen stod på ei om lag ein meter høg pute av snø. Kring den var det fleire meter snø. Bilen fekk store skader i skredet. Riksveg 614 mellom Florø og Svelgen, er no stengd mellom Nordalsfjordbrua og Kjelkenes.

- Det har gått fleire småras og no som det vart mørkt, våga vi ikkje halde ope meir, fortel vaktoperatøren ved Vegmeldingssentralen.

- Mange ras

Ifølgje politiet har dei i kveld fått fleire meldingar om ras riksveg 614.

- Den første meldinga fekk vi i 16.30-tida, sidan har vi fått nye meldingar, opplyser leiaren ved politiet sin operasjonssentral.

Skredet på riksveg 614 er ikkje det einaste som har gått i kveld.

Fleire stengde vegar

Riksveg 618 mellom Selje og Allmenningen er stengd på grunn av ras. Det same gjeld vegen til Kvalheim i Vågsøy. Det har også gått eit skred ved Oldeidetunnelen. Tidlegare i dag var også riksveg 57 i Fjaler stengd etter eit skred ved Nishammaren.

- Det er ikkje store skred, men det ser ut som om nysnøen glir oppå den gamle snøen. At det slepp på skarelaget, trur vaktoperatøren hos vegmeldingssentralen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.