Ein vakt som entreprenør Opedal og Sønner sette opp i samband med ryddinga, såg støvskya flytte seg nedover fjellsida like før klokka 15.
Han varsla Flisram, som fekk berga seg ut i tide før snøskredet nådde ned til vegen og kaien.
- LES OGSÅ:
- Vakta gav beskjed om at det kom snøskred oppe i fjellsida. Då svinga eg meg rundt, gjekk ut av maskina og sprang ned. Det gjekk 50 sekund, kanskje eitt minutt, før snøen kom, fortel Flisram.
Eit stort skred
Maskinføraren frå Voss kom seg i tryggleik, men måtte sjå gravemaskina hans bli dekt av dei veldige snømassane. Det er ikkje første gong at Nautaskreda går over fylkesveg 241 til Bakka i Aurland.
- LES OGSÅ:
Etter å ha vore stengd om natta, gjekk det fjerde store skredet på tre veker på staden. Fylkesvegen vart rydda onsdag, og Flisram var nær ferdig med å rydde kaien for snø då snømassane kom.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- Det er eit stort skred, stadfestar Flisram.
- Udramatisk
Ved vegtrafikksentralen opplyser dei at fylkesvegen ikkje vil bli opna att i dag. Skredet har lagt seg delvis over andre skred. Det blir antyda til kring 20 meter djupt og over 30 meter breidt.
- SJÅ:
Flisram konstaterer at varslinga fungerte og skildrar det heile som udramatisk.
- Det gjekk stille og roleg føre seg. No er eg i ferd med å grave fram maskina. Det er ikkje så mykje snø over, men det er eit stykke fram, seier han.