Motorsykkelulykke i Øygarden

110-sentralen i Hordaland melder om ei MC-ulykke ved Hammersland i Øygarden. Det var to personar på motorsykkelen, og brannvesenet opplyser til NRK at begge skal vera oppegåande. Det var ingen andre køyretøy involvert i ulykka, som blei meldt klokka 21.53.