Hopp til innhold

Motorsykkel kolliderte med bil

Ein motorsykkel og ein personbil kolliderte fredag kveld ved Åse, på vegen mellom Hjelmeland og Osen bru i Gaular.

Foto: Heidi Lise bakke/NRK
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politikammer opplyser at motorsykklisten er send til sentralsjukehuset med skade, men så langt ser det ut til at skadene ikkje er alvorlege.

Føraren av bilen skal ikkje vere skadd.