Politiske kommentatorar i ei rekkje media slaktar Sp-leiar Liv Signe Navarsete sitt utbrot på Nordfjordeid i går kveld. Der skjelte ho ut ein sjukehusaksjonist som skulda ho for å drive med distriktsnedbygging.
NRK-kommentator Kyrre Nakkim seier ein så langsint minister burde kjøle seg ned og ta ein langweekend, i staden for å drive med politikk slik ho gjer i dag. Navarsete er nemleg på rundreise i sitt eige heimfylke Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ:
– Ho har hissig-rykte på seg frå før
– Det er absolutt uvanleg å sjå ein statsråd som får eit slikt utbrot. Navarsete er blant landets tre viktigaste politikarar, og ho er ein del av regjeringa. Ho må stå ved det regjeringa bestemmer seg for. Ein skal ikkje skjelle ut veljarar og aksjonistar. Det er heilt uhøyrd, seier Nakkim.
Nakkim meiner Navarsete burde klare å halde fatninga.
– Ein må klare å vere roleg og sakleg. Men det er typisk at Navarsete sitt temperament spring av. Ho har allereie eit rykte på seg for å vere hissig, kanskje så hissig at det går utover forhandlingsklimaet i regjeringa.
– I går fekk vi sjå det mange har kviskra om i gangane. Det er ikkje bra å reagere som ho gjorde, for dei som skal styre landet må klare å halde seg roleg, seier Nakkim.
- LES OGSÅ:
– Navarsete er illojal mot regjeringa
Navarsete har brukt meir enn 40.000 av skattebetalarane sine pengar for å gå på eit zen-kurs. No meiner politisk redaktør i Dagbladet, Marie Simonsen, at ho bør få pengane tilbake.
– Det zen-kurset funka openbart ikkje. Det verste er ikkje at ho vart sint, det kan oppfattast som befriande, og sjølv eg meiner det kan vere greitt å sleppe ut litt damp nokre gonger, men at ho nok ein gong framstår som sjølvrettferdig og illojal mot kollegane i den raudgrøne regjeringa, seier Simonsen.
Både Nakkim i NRK og Simonsen i Dagbladet meiner Navarsete bør stå inne for det som regjeringa har bestemt, sjølv om Senterpartiet har tapt innad i regjeringa.
– Avgjerda er tatt og det må ho stå for, ikkje sutre over kor mykje ho har kjempa mot forslaga i etterkant. Det kan ho spare til partikollegane på bakrommet, seier Nakkim.
NETT-TV: Her blir Navarsete sint på sjukehusaksjonist
– Kan vere slutten på karriere
Nakkim og Simonsen får støtte av mellom anna politisk kommentator Harald Stanghelle i Aftenposten og ansvarleg redaktør Arne Strand i Dagsavisen.
– Utbrotet er høgst menneskeleg og forståeleg, men slik fungerer det jo når ein partileiar blir pressa. Det er nok eit uttrykk for kor sterkt dette har vore både innad i Senterpartiet og for Navarsete. Dette er jo også Navarsete sitt eige heimfylke.
VG sin politiske kommentator Elisabeth Skarsbø Moen seier dette kan vere byrjinga på slutten for Sp-leiaren.
– Det går fortare og fortare mot slutten av Navarsete si leiarkarriere. Å gå laus på veljarar som ho gjorde i går, gjer ein berre ikkje. Eg er overraska over at ho ikkje er meir førebudd på at ho kom til å møte slike markeringa som ho gjorde i går, seier Skarsbø Moen.