Dette fjellet er rekna som eit av dei vanskelegaste å bestige, og hittil i år har ingen klart å nå toppen. Dei åtte klatrarane har vore verfaste på 5000 meter i ein månad, men halv fire natt til torsdag starta dei på siste del av det 8611 meter høge fjellet, seier Per Henry Knudsen, som føl ekspedisjonen frå Base Camp.
No trur den norske ekspedisjonen med breimningen Sigurd Felde at dei kan nå toppen i løpet av få dagar. Det seier Per Henry Knudsen som føl ekspedisjonen frå Base Camp.
8611 meter
Ålesundaren Per Henry Knudsen fortel at etter ein månad på Base Camp kunne endeleg den norske ekspedisjonen fortsette vidare mot toppen. Knudsen er igjen på Base Camp, og held nøye oppsyn med dei andre klatrarane.
- Tilbakemeldingane er at snøforholda er veldig gode, ikkje for mykje is og laussnø, og at det går greitt å gå. Det er vanlegvis tungt å gå etter eit snøfall, seier han.
Storm og 20 minus
Veret er alfa og omega på ein slik ekspedisjon, men søndag er det meldt om gode forhold. Felde og dei andre klatrarane håper å kunne nå toppen denne dagen.
- Vermeldinga som vi får dagleg frå Sveits seier at på søndag er det ein stor moglegheit, og vermeldingane har vore veldige presis.
- Så den største utfordringa er veret?
- Ja, det er vinden, det har vore storm og tjue minusgrader på toppen.
Det store målet
I går gjekk dei til Camp 2 på 6400 meter, i dag vil dei prøve å nå Camp 3 på 7000 meter. Laurdag vil dei bevege seg opp til skuldra på fjellet, og søndag er altså det store målet å nå toppen.
- Vi håpar at dette blir den siste ventetida, og at det er vår sjanse til å nå toppen. Viss ikkje får vi leggje nye planar, seier Knudsen.
- Returen til Norge er 19. august?
- Ja, men billetten kan endrast.
- Så toppen skal bestigast uansett?
- Nei, det skal den ikkje, vi må sjå på vermeldingane. Vi ønskjer jo å gjere eit godt forsøk, og til no har det vore veret som har stoppa oss, seier Knudsen.
Følg framdrifta for K2-ekspedisjonen her