Hopp til innhold

Slik vil fleirtalet unngå bybane over Bryggen

Gammalt alternativ vert trekt opp av hatten for å få fleirtal for bybanetrasé mot Åsane. I kveld skal bystyregruppene drøfta saka.

Bybanen Kjøttbasaren

KAN BLI LØYSINGA: Bybanen kan få tunnelinnslag ved Kjøttbasaren i Bergen sentrum.

Foto: Multiconsult

Torsdag ettermiddag får NRK opplyst frå fleire kjelder at det vert jobba for ei breitt fleirtal for bybanetraseen mot Åsane.

Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet skal uformelt ha komme fram til eit kompromissforslag som skal hindra at Bybanen går over Bryggen.

Ved Kjøttbasaren

Forslaget går ut på å la Bybanen gå i dagen over Torget og inn i tunnel ved Kjøttbasaren i Vågsbunnen. Innslaget vil koma anten ved Vetrlidsallmenningen eller Finnegårdsgaten.

Etter det NRK forstår er det ein føresetnad for fleirtalet i dei tre partia at ein ein gong for alle går vekk frå Bryggen-alternativet.

Tidlegare denne veka skreiv Bergensavisen at krefter i Høgre opna for eit mogeleg kompromiss ved Kjøttbasaren.

Gruppemøte

Allereie torsdag kveld kan leiinga i dei tre bystyregruppene få svar på om bystyregruppene stiller seg bak forslaget. Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet skal alle ha gruppemøte på rådhuset.

Kjelder stadfestar til NRK.no at kompromissforslaget vert tema på møta.

Kan vera problematisk

Forslaget som går ut på å legga tunnelinnslaget ved Vetrlidsallmenning ved Kjøttbasaren er på inga måte nytt, men har tidlegare vorte avvist grunna antikvariske omsyn.

Bakgrunnen er at traseen må bevega seg gjennom historiske kulturlag i grunnen nedanfor Fløibanestasjonen. Riksantikvaren har tidlegare varsla motsegn, dersom kommunen ønskte å gå vidare med alternativet.

Byutviklingsbyråd Filip Rygg frå KrF har i utgangspunktet ønskt Bryggen-alternativet, men har valt å halda døra open for eit tunnelinnslag anten i Finnegårdsgaten eller Vetrlidsallmenning. No er spørsmålet om han kan stå inne for eit forslag som fagavdelinga hans tidlegare har åtvara mot.

– Ikkje eit nederlag

Gruppeleiar for Kristeleg folkeparti Marita Moltu går langt i å akseptera forslaget.

– Eg har ikkje fått sett på detaljane enno, men eg trur denne saka har utvikla seg slik at me må gå for eit kompromiss. Denne saka er så viktig at me må finna ei løysing flest mogeleg stiller seg bak, seier Moltu.

Men er det ikkje eit nederlag for KrF og byrådet at Bryggen-alternativet ser ut til å vera uaktuelt?

– Nei, det vil eg ikkje seia. For oss er det viktigaste at bana går gjennom sentrum og at me får eit stopp på Torget, seier Moltu til NRK.no.

Moltu stadfestar at saka også skal drøftast på KrF sitt gruppemøte torsdag kveld.

– Kan ikkje avvisast

Forlaget vert relativt godt motteke av både tunnel-tilhengarar og Bryggen-sympatisørar i opposisjonen.

– Dette alternativet er langt betre enn dei andre tunnelalternativa, som ikkje har dekka sentrum godt nok, seier Julie Andersland frå Venstre.

Men ho ønskjer ikkje å avliva Bryggen-forslaget med det første. Venstre har saman med SV og KrF gått heilhjarta inn for at traseen skal gå forbi Bryggen.

– Me må hugsa at alternativet ved Kjøttbasaren har vorte møtt med kritikk frå antikvariske miljø. Den alternative tunnelen i Peter Motzfeldt gate er det desidert dårlegaste alternativet, seier Andersland.

– Dette vil eg på ingen måte avvisa. Det er eit interessant forslag som me skal sjå nærmare på, seier Ove Sverre Bjørdal i Senterpartiet. Han har til no gått inn for tunnelalternativet i Peter Motzfeldts gate.