Hopp til innhold

Mørkt og vått før storfint besøk

- All straum er vekke og det regnar verre enn verst. Parkeringsplassen fløymer over, skildrar NRK-reporter Silje Guddal frå Eikaasgalleriet.

Vått og mørkt før Knausgård-besøket i Jølster.

Vått og mørkt før Knausgård-besøket i Jølster.

Foto: Simon Solheim / NRK

Medan vergudane sprer regn i bøttevis over Astrupbygda, har truleg eit lynnedslag sett transformatoren ved Eikaasgalleriet ut av spel.

I 16.20-tida fekk Brannalarmsentralen i Florø melding om branntillaup i transformatoren. Brannen slokna av seg sjølv då brannmannskap slo av straumen.

Med andre ord ein dramatisk start på forfattar Karl Ove Knausgård sitt besøk i Jølster .

- Fascinerande

Sunnfjord Energi vil ikkje rette feilen så lenge det er lyn og torden. Samstundes gler studentbibliotekar Kristoffer Berntsen seg til å sjå og høyre forfattaren fortelje om seg sjølv og forfattarskapen.

Berntsen har også eitt spørsmål som han ikkje vågar å stille forfattaren. Kva det er kan du høyre her...

Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård.

Foto: Oktober/Thomas Wågström

For Berntsen er mellom dei som skal til Jølster i kveld.

- Det er liksom det at han tør å trekke dei store linjenene, noko som kanskje ikkje er så vanleg i dagens samtidslitteratur. Det å skrive eit verk på mange tusen sider på to år er ein heilt vill prestasjon. Det er fascinerande, forklarar han om kvifor han er så glad i Knausgård.

Nyfiken biblioteksjef

Ved biblioteket i Førde har det den siste tida vore stor pågang og etterspurnad etter bøkene til Knausgård. Biblioteksjef Marie Dombestein fortel det er lange ventelister på bøkene hans.

Sjølv om ho nett er byrja å lese bøkene hans, vil også ho til Jølster i kveld.

- Eg er nyfiken på forfattaren som alle les. Det må vere noko med han sidan så mange les han. Vi har venteliste på bind 1 til 5. Det er klart det er spennande å høyre han fortelje om forfattarskapen sin og desse bøkene.